Henrik Jørgen Huitfeldt-Kaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Jørgen Huitfeldt-Kaas
En Christianiensers Erindringer fra 1850- og 60-Aarene - no-nb digibok 2006082800057-328 1.jpg
Fødd2. februar 1834
Christiania
Død18. mai 1905
NasjonalitetNoreg
Yrkeheraldikar, arkivar, genealog
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnHans Emil Huitfeldt-Kaas, Hans L. C. Huitfeldt, Valentin Wilhelm Hartvig Huitfeldt-Kaas

Henrik Jørgen Huitfeldt-Kaas (2. februar 183418. mai 1905), òg kjend som H.J. Huitfeldt-Kaas, var ein norsk historikar og riksarkivar.

Huitfeldt-Kaas høyrde til den danske og norske adelsslekta Huitfeldt. Han var son av fideikommisseigar Valentin Wilhelm Hartvig Huitfeldt. Tilleggsnamnet Kaas tok han, etter adeleg skikk, etter at han i 1881 arva Kaasenlundske Fideikommisset.

Huitfeldt-Kaas vart i 1858 tilsett i Riksarkivet, og han var fleire gonger konstituert som riksarkivar før han i 1896 vart utnemnd til embetet.

Huitfeldt-Kaas var sentral i arbeidet med å gje ut viktige kjelder til norsk historie, blant desse ei rekke band av Diplomatarium Norvegicum. Huitfeldt-Kaas dreiv òg på med genealogi (særleg adelsforsking), personalhistorie, heraldikk og segl. Han byrja på verket Norske Sigiller fra Middelalderen (Oslo, 1899–1950), som vart gjeve ut heftevis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]