Dalen Hotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalen Hotel i 2008

Dalen Hotel er eit hotell som ligg på Dalen i Tokke i Telemark. Det er teikna av arkitekten Haldor Larsen Børve og stod ferdig i 1894. Bygningen er eit godt døme på drakestilen, med drakehovud, tårn, spir, altanar, utspring og gesimsar. På hotellet er det 38 rom som er innreidde slik dei har vore sidan hotellet vart opna, med fargar, sjablongar og interiør. Alle romma er doble, og 8 av desse har balkong ut mot hagen. Hotellet har òg ein suite og eitt familierom.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dalen Hotel slik det såg ut på 1900-talet
Hotellrestauranten, 2012
Foto: Vidar Iversen

Telemarkskanalen vart opna i 1892 og turiststraumen slo til, vart Dalen i Tokke eit naturleg sentrum sidan dette var den kortaste vegen mellom Oslo og Bergen. Dalen skorta på eit luksushotell for dei rike og framståande gjestene, og oppførte i 1894 Dalen Hotel som vart bygd med inspirasjon frå norske stavkyrkjer og element frå ornamentikken i vikingtida. Hans Larsen og Lars Rød, begge frå Skien, og Anton Hansen frå Porsgrunn var dei som tok initiativet til skipinga av hotellet, og Haldor Larsen Børve var arkitekt.

Til Dalen Hotel kom prominente gjester frå heile Europa. Av notable personar som har gjesta hotellet kan nemnast det engelske aristokratiet, Kong Oscar II av Noreg og Sverige, keisar Vilhelm II av Tyskland og kong Leopold av Belgia. Kong Haakon og dronning Maud gjesta òg hotellet med dåverande kronprins Olav.

Under den andre verdskrigen tok den tyske okkupasjonsmakta over hotellet, noko som resulterte i at mykje av det originale interiøret vart fjerna og vedlikehaldet av hotellet stoppa opp. Etter ein lengre periode med nedgangstider for Dalen Hotel tok predikanten Åge Samuelsen affære. Han hadde framtidstru på Dalen og kjøpte hotellet. Diverre klarte han ikkje å få bygningane i stand, men greidde å gi hotellet mykje verdifull gaum og PR. Gjennom innsatsen hans kom det interesse for å investere i ivaretaking av hotellet.

På slutten av 1980-talet vart det avgjort å gjere ein siste freistnad på restaurering av hotellet. Hotellet opna på nytt i 1992, etter ei totalrenovering og positive visjonar. Hotellet fekk i 2000 den høgste prisen frå Europa Nostra, ein sølvmedalje, for ivaretaking av Dalen Hotel som eit eineståande kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]