Dalnegorsk
Utsjånad
| Dalnegorsk | |||
| Дальнегорск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | ||
| Areal | 31 km² | ||
| Folketal | 32 310 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1896 | ||
| • Bystatus | 1989 | ||
| Retningsnummer | +7 42373 | ||
![]() Dalnegorsk 44°33′14″N 135°33′58″E / 44.553888888889°N 135.56611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Dalnegorsk | |||
Dalnegorsk (russisk Дальнего́рск, tyder langt oppe i fjella) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Rudnaja, rundt 350 km nordaust for Vladivostok (vegavstand: 517 km).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd i 1896 som Tetjukhe (russisk: Те́тюхе) (kinesisk 野猪河, yĕzhūhé, som tyder «villsvinelva»). Namnet på byen vart endra til Dalnegorsk i 1973 under utreinskinga av kinesiske stadnamn i Primorskij kraj. Han fekk bystatus i 1989.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste innbyggjarane i byen arbeider i to industriselskap: Kjemiselskapet Bor og blyprodusenten Dalpolimetal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
