Hopp til innhald

Fokino i Primorskij kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fokino
Фокино
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Areal 16 km²
Folketal 19 427 (2023)[1]
Grunnlagd 1891
   Bystatus 1980
Postnummer 69288X
Retningsnummer +7 423 39
Kart
Fokino
42°58′00″N 132°24′00″E / 42.966666666667°N 132.4°E / 42.966666666667; 132.4
Wikimedia Commons: Fokino (Primorsky Krai)

Fokino (russisk Фо́кино) er ein lukka by i Primorskij kraj i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved Peter den store-bukta mellom Vladivostok og Nakhodka. Han er ein lukka by fordi den russiske stillehavsflåten har basen sin her. Utlendingar må ha spesialløyve for å vitje byen. Derimot er øyane Putjatin og Askold, som administrativt er ein del av byen, open for besøk frå turistar. Opp til to tusen turistar vitjar Putjatin kvart år. Dei kjem hit på grunn av det unike plante- og dyrelivet i farvatnet rundt øya og undervaaslandskapet her. Det bur rundt 2 400 menneske på Putjatin. Dei viktigaste næringane er fangst og handsaming av sjøprodukt, avl av mink og aksishjort.

Det er ingen fast busetnad på øya Askold. Ho vert sjeldan vitja av turistar då det ikkje er regelmessig transportsamband med fastlandet og statusen til øya, som inntil 1995 var ein del av reservatet der ingen økonomisk aktivitet var lov. Det finst gullreservar på fleire dusin tonn på Askold.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fokino i Primorskij kraj