Nakhodka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nakhodka
Находка
Flagget til Nakhodka Byvåpenet til Nakhodka
Flagget til Nakhodka Byvåpenet til Nakhodka


Plassering
Nakhodka is located in Russland
Nakhodka is located in Primorskij kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Grunnlagd
Bystatus
1940
1950
Borgarmeister Oleg Koljadin
Geografi
Flatevidd
 - By

326 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

170 000
  521,5 /km²
Koordinatar 42°49′″N 132°52′″EKoordinatar: 42°49′″N 132°52′″E
Høgd over havet 8 moh
Tidssone
- Ved sommartid
VLAT (UTC+10)
VLAST (UTC+11)
Diverse annan informasjon
Postnummer 692900–692955
Retningsnummer (tlf) (+7)4236
Nettstad: www.nakhodka-city.ru/

Nakhodka (russisk Нахо́дка) er ein hamneby i Primorskij kraj i Russland med om lag 170 000 innbyggjarar (2007). I tida mellom 1950–1991, då den nærliggande store hamnebyen Vladivostok var stengt for utlendingar og utanlandsk skipsfart, vart Nakhodka den viktigaste djuphavshamna i Russisk fjerne austen.

Næringa i byen, som hovudsakleg er basert på hamna og hamnerelatert aktivitet som fiskeindustri, har hatt problem etter 1991, då Vladivostok igjen vart opna for utanlandsk aktivitet. Den lokale industrien fekk seg òg eit slag i 1998 under den russiske finanskrisa. Men framtida ser no lysare ut, då Nakhodka er vorte erklært som «økonomisk frisone» og styresmaktene i både Moskva (føderalt) og Vladivostok (regionalt) har verka interessert i å opne byen ytterlegare opp for utanlandske investeringar.

Klippene «Bror» og «Syster» nær Nakhodka.

Nakhodkabukta, som byen ligg ved, vart oppdaga i 1859 av den russiske korvetten «Amerika», som søkte ly i bukta under ein storm. Frå dette kjem namnet på Nakhodka, som på russisk tyder «eit heldig funn». Før 1950 var Nakhodka ein liten fiskerlandsby, men alt det endra seg då dei sovjetiske styresmaktene stengte Vladivostok for utanlandsk skipsfart, etter at det vart avgjort at den sovjetiske Stillehavsflåten skulle baserast der. Nakhodka voks raskt. Mange av bygningane i byen er frå 1950-talet, då japanske krigsfangar vart nytta som tvangsarbeidarar for å bygge bustader for dei kommande hamnearbeidarne. «Gullalderen» til byen var tydelegvis på 1970- og 1980-talet, da han nøyt godt av å vere den einaste stillehavshamna som var heilt open for utlendingar. På den tida fungerte han òg som det austlege endepunktet for passasjerdelen av den transsibirske jernbanen.

Bygging av plattformer

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nakhodka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]