Spassk-Dalnij
| Spassk-Dalnij | |||
| Спасск-Дальний | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | ||
| Høgd | 100 m | ||
| Areal | 49 km² | ||
| Folketal | 34 370 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1885 | ||
| • Bystatus | 1917 | ||
| Retningsnummer | +7 42352 | ||
![]() Spassk-Dalnij 44°36′00″N 132°49′00″E / 44.6°N 132.81666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Spassk-Dalny | |||
Spassk-Dalnij (russisk Спасск-Да́льний), nokre gonger kalla Spassk, er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg på slettelandet aust for Khankasjøen,[1] rundt 180 km nord for Vladivostok (avstand med bil 250 km).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første nybyggjarane frå vestlege område av Russland kom til området rundt dagens Spassk-Dalnij i 1885. Dei grunnla landsbyen Spasskoje (fra russisk spas som tyder «frelsar»). Med opprettinga i 1906 av jernbanestasjonen Jevgenjevka på Ussuribanen like ved, vart busetnaden viktigare og i 1917 fekk han byrettar under namnet Spassk.
Under den russiske borgarkrigen var det harde kamper mellom dei kvite og raude armeene ved byen.
I 1926 vart byen slått saman med Jevgenjevka og i 1929 fekk byen det noverande namnet sitt, Spassk-Dalnij (russisk dalni som tyder «fjern» og viser til plasseringa i Russisk fjerne austen, til skilnad frå Spassk i Penza oblast og Spassk-Rjazanskij i Rjazan oblast).
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Historisk sett vart Spassk-Dalnij danna som eit senter for bygningsindustrien i Primorje, på grunn av reservane av kalkstein, leire og byggesand i nærleiken. Den største verksemda er for tida selskapet Spassktsement, som har vore i drift siden 1907 og som kan produsere opp til 3,5 millionar tonn sement pr år. Sementfabrikken er representert på Spassk-Dalnijs byvåpen.
Andre næringar er maskinbygging og lys- og næringsmiddelindustri. Området rundt Spassk-Dalnij er òg eit av dei viktigaste landbruksområda i Primorskij kraj.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The World Gazetteer». Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 5. august 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Spassk-Dalnij» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
