Raudfalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudfalk
Raudfalkhann
Raudfalkhann
Raudfalkhoe
Raudfalkhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudfalk
Utbreiinga av raudfalk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Falconinae
Slekt: Falco
Art: Raudfalk F. naumanni
Vitskapleg namn
Falco naumanni

Raudfalk (Falco naumanni) er ein liten falk som førekjem i Sør-Europa, Sentral-Asia og Afrika. Utsjånaden er svært lik tårnfalk. Han er i stor grad ein insektetar og er ein trekkfugl som overvintrar vesentleg i Afrika sør for Sahara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein liten rovfugl, 27–33 cm lang med eit vengespenn på 63–72 cm. Fjørdrakta er liknande drakta til den større tårnfalken, men har proporsjonalt kortare venger og hale. Begge har brun rygg og flekka grå underside. Hannen har grått hovud og hale som hannar av tårnfalkar, men manglar dei mørke flekkene på den raudbrune oversida og manglar den svarte mustasjestripa, og har dessutan grå flekker i vengene. Fjørdrakta viser variasjonar i farge mellom regionar. Hannane i Kina viser varmare fargetonar enn dei i Europa.

Ho- og ungfuglane er litt bleikare enn slektningen, men er så like tårnfalk at læte og struktur er betre rettleiarar enn fjørdrakt. Ropet er ein diagnostisk raspete «tje-tje-tje», i motsetning til tårnfalken sitt «ki-ki-ki». Ingen av kjønna har mørke klør som vanleg hos andre falkeartar; hos denne arten har klørne ein særeigen kvitaktig hornfarge. Dette er likevel berre iaugefallande når fuglar sest på svært nært hald, t.d. i fangenskap.

Hekkeområdet er frå Iberia og Nord-Afrika i vest austover til søraustre Mongolia og nordre Kina i aust. I Europa er utbreiinga fragmentert rundt Middelhavet. Han er ein sjeldan streiffugl til Noreg, det finst to godkjente observasjonar registrert i Artsobservasjoner.no i perioden 2013 til 2022.[1] Om vinteren samlast han i Afrika sør for Sahara og i avgrensa delar av Sør-Europa og Søraust-Asia. Raudfalken trekker over Sahara, hovudsakleg inn og ut av Afrika via Gibraltar, Italia, Sicilia, Malta, Tunisia i vest, og Israel, Egypt og Nilen i aust. Mange trekker til Sør-Afrika, vesteuropeiske fuglar mest til Vest-Afrika. Migrasjonen skjer rask, spesielt om våren, det tar berre fire dagar for vesteuropeiske fuglar å nå vestafrikanske overvintringsområde frå Iberia.

Habitatet for denne arten er i opne, varme og tørre miljø med sparsam vegetasjon, inkludert stepper, beitemarker og halvørkenar, ofte i nærleiken av menneskelege busetjingar. Han har avhengnad av bygningar eller fjellvegger for hekking. I Afrika overvintrar han på grassletter.

Insekt utgjer over 90 % av føda, fanga både i lufta og på bakken. Grashopper, sirissar og store biller er døme på byttedyr, supplert med andre virvellause dyr og små virveldyr. Han jaktar ved å snappe byttedyr i lufta eller plukke på bakken og kan sveveflyge og stupdukke. Raudfalkar blir observerte i gruppejakt på store insektsvermar.

Raudfalkar hekkar mest i koloniar, ofte i menneskelege strukturar, og dei legg 3–6 egg i kullet. Sjølv om dei ein gong var sårbare på grunn av nedgang knytt til bruk av plantevernmiddel, tap av habitat og øydelegging av bygningar, har vellykka vernearbeid sidan 1980-talet stabilisert eller auka populasjonen i Europa etter årtusenskiftet. Noverande trugsmål inkluderer klimaendringar og potensiell liten overleving blant ungekull i varmt vêr, hekkesuksessen blir påverka av vêrforholda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Artsobservasjoner, Rapportsystem for arter». Artsdatabanken. Henta 13. november 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Raudfalk