Dance You Off

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Dance You Off»
Song av Benjamin Ingrosso
ESC2018 - Sweden 03.jpg
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 24. februar 2018
Sjanger Pop, elektropop
Lengd 03:02
Selskap TEN, Sony Music Entertainment
Låtskrivar(ar) Benjamin Ingrosso, MAG, Louis Schoorl, K Nita

«Dance You Off» er ein svensk song frå 2018 som vert framført av songaren Benjamin Ingrosso. Han skreiv songen saman med låtskrivarane MAG, Louis Schoorl og K Nita.[1][2] «Dance You Off» vann Melodifestivalen 2018 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Songen vart lagd ut for digitalt sal og strøyming 24. februar 2018.[3]

Melodifestivalen[endre | endre wikiteksten]

Benjamin Ingrosso framfører «Dance You Off» under semifinalen i Karlstad 3. februar 2018.

«Dance You Off» var eit av 2 771 bidrag som vart sende inn til Melodifestivalen, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske finalen. «Dance You Off» deltok i den fyrste semifinalen i Löfbergs Arena i Karlstad laurdag 3. februar 2018. Der vann han semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 10. mars 2018. I finalen fekk «Dance You Off» flest poeng i både jury- og telefonavrøystinga og vann tevlinga.

Som vinnar vart «Dance You Off» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2018. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 10. mai i Lisboa og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai.[4] I finalen var Sverige det 20. landet på scena av 26 deltakarland. Etter juryavrøystinga låg «Dance You Off» på andreplass, bak Austerrike, men i telefonavrøystinga enda låten heilt nede på 23. plass, og fekk til slutt ein sjuandeplass samanlagt.[5]

Teksta[endre | endre wikiteksten]

«Dance You Off» handlar om ein mann som prøver å gløyme sin kjærleik – blant anna ved å forsøke å danse vekk minnet. Ingrosso har fortalt at teksta er basert på ei kjærleikskrise han sjølv opplevde.[6][7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2018) Høgaste

plassering

Flag of France.svg Frankrike (SNEP)[8] 76
Flag of Greece.svg Hellas (IFPI Digital Singles)[9] 65
Flag of Iceland.svg Island (RÚV Top 20)[10] 15
Flag of Scotland.svg Skottland (Official Charts)[11] 80
Flag of Spain.svg Spania (PROMUSICAE)[12] 69
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (Official Charts – download)[13] 61
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[14] 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Benjamin Ingrosso – Dance You Off - Melodifestivalen» (på svensk). Sveriges Radio. Henta 11. mars 2018. 
  2. «Benjamin Ingrosso – Dance You Off». Henta 27. februar 2018. 
  3. «Dance You Off - Single by Benjamin Ingrosso on Apple Music» (engelsk). 24. februar 2018. Henta 11. mars 2018. 
  4. «Sweden:Benjamin Ingrosso wins Melodifestivalen 2018 with "Dance You Off"- wiwibloggs». wiwibloggs. 10. mars 2018. 
  5. «Sweden – Eurovision Song Contest». Henta 14. mai 2018. 
  6. «Benjamin Ingrosso sjunger om sin kärlekskris: ”Mörkt”». Aftonbladet (på svensk). 
  7. «Benjamin Ingrosso – Dance You Off» (engelsk). Henta 11. mars 2018. 
  8. Hung, Steffen. «lescharts.com - Benjamin Ingrosso - Dance You Off». Henta 17. juni 2018. 
  9. «Official IFPI Charts-Digital Singles Chart» (gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2018. 
  10. «TOPPLISTINN 26. MAI 2018». RÚV. Arkivert frå originalen 24. mai 2018. Henta 25. mai 2018. 
  11. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 17. juni 2018. 
  12. Hung, Steffen. «spanishcharts.com - Benjamin Ingrosso - Dance You Off». Henta 17. juni 2018. 
  13. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 10. mars 2018. 
  14. «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 19. mai 2017.