Dancing Days

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dancing Days
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
A-side «Over the Hills and Far Away»
Utgjeve 28. mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 3:43
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Rock and Roll» / «Four Sticks»
(1972)
Dancing Days «D'yer Mak'er» / «The Crunge»
(1973)


«Dancing Days» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973. Han vart spelt inn i Stargroves i 1972. Han var inspirert av ein indisk melodi Jimmy Page og Robert Plant høyrte då dei reiste til Bombay.[1]

Songen vart den første frå albumet som vart gjeven ut for å bli spelt på radio av Atlantic Records. Han vart første gong spelt den 24. mars 1973 på BBC Radio One.[2]

Songen vart spela på konsertar lenge før albumet kom ut. Første gong var i Seattle den 19. juni 1972 der songen vart spela to gonger, den siste gongen som ekstranummer.[2] Ein versjon finst på konsertalbumet How the West Was Won. Etter at Houses of the Holy kom ut vart «Dancing Days» spela lite på konsertar, bortsett frå ein akustisk versjon i 1977 i USA.[2]

Songen vart gjeven ut som singel i Frankrike (med «Over the Hills and Far Away») og Sør-Afrika (med monoutgåva av songen som B-side). Ein EP vart òg gjeven ut i USA i lag med «D'yer Mak'er», «The Song Remains the Same» og «The Crunge».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dancing Days Songfacts
  2. 2,0 2,1 2,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.