Royal Orleans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Orleans
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Presence
A-side

«Candy Store Rock»

Språk engelsk
Utgjeve 31. mars 1976
Innspelt November–desember 1975
Sjanger Hardrock
Lengd 2:59
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Bonham/Jones/Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Trampled Under Foot» / «Black Country Woman»
(1974)
Royal Orleans «Fool in the Rain» / «Hot Dog»
(1979)


«Royal Orleans» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira Presence frå 1976.

Då dei var i New Orleans under ein turne, budde gruppa på Royal Orleans Hotel, og songen vart visstnok basert på ei hending som skjedde der.[1] Soga seier at ein gong bandet var på hotellet tidleg i 1970-åra, så tok John Paul Jones med seg ei kvinne frå baren opp på rommet sitt, men han visste ikkje at ho var transvestitt. Begge røykte marihuana og sovna, transvestitt med ein tend joint i handa, som sette rommet i brann (alle klarte å rømme). Teksten inneheld linjer som «Be careful how you choose it» og «Poor whiskers set the room alight».

«Royal Orleans» er den einaste songen på albumet som er tilskriven alle fire medlemmar. Vokalist Robert Plant skreiv det meste av teksten, og nytta songen til å gjere narr av Jones, visstnok fordi Jones ein gong sa at vokalen var den minst viktige delen i bandet. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Candy Store Rock». Trommeslagar John Bonham spelte bongotrommer på songen.[1]

«Royal Orleans» vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1998: Sansi Janiba's Infectious Groove (A Tribute to John Bonham)
  • 2005: Steven Davenport (Green Magic)
  • 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 978-0-7119-3528-0.