Daniels bok
- Daniels bok er òg den norske tittelen på ein roman av E. L. Doctorow
Daniels bok (hebraisk Sefer Daniel) er ei av bøkene i det gamle testamentet. Ho har namn etter protagonisten i skriftet, ein profet med namn Daniel som i følgje boka skal ha arbeidd i Babylonia i tida frå om lag 605 f.v.t. til kort etter 539 f.v.t. (eksiltida).
I den eldste tradisjonen vert Daniels bok rekna som profetisk, men i den jødiske Tanach vert Daniels bok rekna med i «skriftene», ikkje profetane. I kristen tradisjon vert Septuaginta, der Daniels bok normalt er plassert mellom Esekiel og Hosea fylgd.