Ruts bok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rut på åkeren til Boas. Måleri av Julius Schnorr von Carolsfeld

Ruts bok, òg kalla Megillat Rut (מְגִלַּת רוּת) i jødedommen, er ein del av Bibelen, den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet.

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Boka fortel om Rut og Orpa, moabittiske kvinner som var gifte med dei jødiske brørne Mahlon og Kiljon. Svigermor deira var Naomi. Etter at dei alle var blitt enkjer, ville Naomi draga tilbake til Judea, og bad svigerdøtrene om å dra tilbake til familiane sine. Orpa lystra til slutt, medan Rut nekta, for «dit du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, vil eg og stana; ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud; der du døyr, vil eg og døy, og der vil eg verta gravlagd. Herren late meg bøta for det både no og sidan um noko anna enn dauden fær skilja meg frå deg!» (Ruts bok 1:16–17).

I Israel levde dei to eit fattig liv. Rut sørgde for dei med plukka kornaks som var blitt igjen etter skurden. Ho blei lagd merke til av Boas, som eigde åkeren ho gjekk på og òg var i slekt med Naomi. Oppfordra av Naomi gav Rut han tydelege teikn om at ho var interessert i han. Etter ei stund fekk Boas ordna det slik at han kunne gifta seg med Rut, og ho blei slik stammor til mellom anna kong David.

Megillat Rut i jødedommen[endre | endre wikiteksten]

I Tenákh er Megillat Rut ein av dei fem megillót (småe bokrullane) som står i Ketubím (Skriftene), den tredje hovudbolken av Den hebraiske bibelen. Ein les Megillat Rut i synagogen under sjabu‘ót (vekefesten, den jødiske pinsa).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]