Darkush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°59′33″N 36°23′35″E
Darkush
دركوش
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib guvernement
Distrikt Jisr al-Shughur-distriktet
Nahiyah Darkush
koordinatar 35°59′33″N 36°23′35″E
Folketal 5 295 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Darkush (arabisk دركوش; òg skrive Darkoush eller Derkush) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs grensa til Tyrkia ved elva Orontes. Av stader i nærleiken finn ein al-Janudiyah, Zarzur og al-Najiyah i sørvest, Jisr al-Shughur i sør og Millis og Maarrat Misrin i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Darkush eit folketal på 5 295 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Darkush nahiyah som består av 19 landsbyar med eit samla folketal på 23 022.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein inskripsjon i byen er datert attende til romartida og syner at det låg eit skipsverft i byen, som bygde elvebåtar som kunne nyttast på Orontes.[3] Byen har òg restar av ei gammal bru.[4] Kristninga av byen skjedde truleg etter 322.[5]

Under krosstoga vart byen underlagt Fyrstedømet Antiokia[4] fram til han vart erobra av Saladin i 1188. Byen fall attende til krossfararane under Bohemond VI av Antiokia og Tripoli i 1260.[6] Byen vart til slutt erobra attende av mamelukkane og sultanen Baibars i 1267. Ingenting er att etter festninga krossfararane bygde i byen, sidan steinen vart nytta til andre bygningar.[4] Darkush vart vitja av den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi i 1220-åra, under Ajjubide-dynastiet. Han noterte at han var ei «festning nær Antâkiyyah, i provinsen 'Awâsim».[7]

Den 13. august 1822 vart byen og området rundt øydelagd i eit massivt jordskjelv. Skjelvet skal ha teke livet av 20 000 menneske.[8]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1960-åra vart han skildra som ein stor landsby med 2 500 innbyggjarar og «ein av dei mest pittoreske» stadane i området av geografen og forfattaren Robert Boulanger.[2]

Under den syriske borgarkrigen, som starta i mars 2011, vart Darkush erobra av opprørarar i november 2012.[9] Fram til då var byen stort sett delt politisk, der innbyggjarane i nord støtta opposisjonen, medan dei i sør stort sett støtta regjeringa. Øydelagde bygningar som tidlegare høyrte til tryggleiksstyrkane, markerer skilje mellom dei to delane. Seint i januar var byen underlagt opprørarane og vart nytta som utgangspunkt for militæroperasjonar mot statlege stillingar i fjella i sør.[10]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen Darkush ligg i ein wadi i Orontesvassdraget, ved foten av an-Nusayriyah-fjella.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Darkush» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2014.
  • Butcher, Kevin. Roman Syria and the Near East. Getty Publications. ISBN 9780892367153. 
  • Boulanger, Robert, ed. The Middle East, Lebanon, Syria, Jordan, Iraq, Iran. Hachette. 
  • Trombley, Frank R.. Hellenistic Religion and Christianeization, C. 370-529. 2. BRILL. ISBN 9780391041219. 
  • Molin, Kristian. Unknown Crusaders Castles. Continuum International Publishing Group. ISBN 9781852852610. 
  • le Strange, Guy. Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund. 
  • Barker, John. Syria and Egypt under the Last Five Sultans of Turkey: Being Experiences, during Fifty Years, of Mr. Consul-General Barker. Chiefly from His Letters and Journals. Volume 1. Elibron.com. ISBN 9781402187858. 
  • Royal Geographic Society (1886). Proceedings of the Royal Geographical Society and monthly record of geography, Volume 8. Edward Stanford. 
  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Boulanger, 1966, s. 476.
  3. Butcher, 2004, s. 133.
  4. 4,0 4,1 4,2 Boulanger, ed., 1966, s. 477.
  5. Trombley, 2001, s. 279.
  6. Molin, 2003, s. 68.
  7. le Strange, 1890, s. 437.
  8. Barker, 2002, s. 322.
  9. Syria rebels tighten noose around key Idlib city. France 24. Originally published by Agence France-Presse. 2013-02-05.
  10. Chulov, Martin. Inside the war for Syria's mountains. The Guardian. 2013-01-28.
  11. Royal Geographic Society, 1886, s. 94.