Dasøya
Dasøya | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Italia | ||
Koordinatar | |||
Lengd | 2,4 km | ||
![]() Dasøya | |||
Dasøya er ei øy i Persiabukta. Ho er ein del av Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata, men ligg kring 150 km nordvest for fastlandet. Øya er 1,2 km brei og 2,4 km lang, og er nesten firkanta.
Dasøya er busett av olje- og gassindustriarbeidarar. Det vert eksportert råolje og flytande naturgass med tankskip frå øya og så langt som til Japan og Europa. Oljeproduksjonen byrja etter leiting i 1956-1960 av Abu Dhabi Marine Areas (ADMA), eit fellesprosjekt mellom British Petroleum og Compagnie Française des Pétroles (seinare kjend som Total). Lokale eksportselskap er ADMA-OPCO (Oil), ADGAS (LNG) og andre.
Dasøya var tidlegare kjend som ynglestad for skjelpadder og sjøfugl. Trass i olje- og gassproduksjonen, held framleis skjelpaddene seg i området og er framleis ein landeplass for trekkfugl.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Das Island» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.