Emiratet Abu Dhabi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 23°30′ N 54°30′ E
Emiratet Abu Dhabi
إمارة أبو ظبي
Emirat
flagg
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 23°30′ N 54°30′ E
Hovudstad Abu Dhabi
Areal 67 340 km²
Folketal 2 210 700 (2011) [1]
Folketettleik 33 / km²
Sjølvstende frå Storbritannia 2. desember 1971
Emir Khalifa bin Zayed Al Nahyan
Tidssone UAE standard time (UTC+4)
MapEmirateAbuDhabi-2.PNG
Wikimedia Commons: Emirate of Abu Dhabi

Emiratet Abu Dhabi (arabisk إمارة أبو ظبي, Imārat Abū Ẓaby) er eit av sju emirat som utgjer Dei sameinte arabiske emirata. Det er det største emiratet etter areal (67 340 km²), og utgjer kring 87 % av det samla landarealet til føderasjonen. Abu Dhabi har òg det høgaste folketalet av dei sju emirata, kring 2,3 millionar innbyggjarar (2012). Av desse var mindre enn 21 % emiratarabiske borgarar.[2]

Abu Dhabi er hovudstaden i emiratet og i tillegg hovudstaden i landet.

Bruttonasjonalprodukt i Abu Dhabi var i 2011 806 milliardar AED. Gruvedrift og petroleum står for den største delen av BNP. Bygg og anlegg er den nest største bidragsytaren.[1] BNP voks til 911.6 mrd. AED i 2012, eller over 100 000 dollar per innbyggjar.[2]

I nyare tid har emiratet medverka med kring 60 % av det samla BNPet til Dei sameinte arabiske emirata.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Qasr al-Hosn fort i Abu Dhabi, datert til 1700-talet.

Delar av Abu Dhabi var busett så lang attende som 2000-talet fvt. og den tidlege historia følgjer dei nomadiske gjetarane og fiskarane som er typiske for den større regionen. Dagens Abu Dhabi har spor attende til ein viktig stammeføderasjon, Bani Yas, seint på 1700-talet, som òg tok kontroll over Dubai. På 1800-talet delte greinene i Dubai og Abu Dhabi seg.

Fram til midten av 1900-talet var økonomien i Abu Dhabi hovudsakleg driven av kamelgjeting, produksjon av dadlar og grønsaker i dei indre oasane i Al-`Ain og Liwa, og fiske og perledykking utafor kysten av Abu Dhabi by, som hovudsakleg vart driven av sommaren. Dei fleste bustadane i Abu Dhabi by var på den tida bygd av palmegreiner (barasti), medan rike familiar budde i leirhytter. Då kulturperler vart funne opp på byrjinga av 1900-talet gjekk det hardt ut over innbyggjarane i Abu Dhabi, sidan eksport av naturlege perler var hovudnæringa deira.

I 1939 gav sjeik Shakhbut Bin-Sultan Al Nahyan petroleumskonsesjonar og det vart først funne olje i 1958. Først hadde oljepengane liten innverknad. Det vart reist nokre få betongbygg, og den første asfalterte vegen stod ferdig i 1961, men sjeik Shakbut, som var uviss om den nye oljeinntektene kom til å vare, var forsiktig og sparte heller enn å investere i utvikling.

Sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, emir i Abu Dhabi og grunnleggjar av føderasjonen (frimerke 1967).

Bror hans, sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, såg at oljerikdomen hadde eit potensiale til å omforme Abu Dhabi. Den herskande Al Nahyan-familien avgjorde at sjeik Zayed burde erstatte broren som herskar og gjennomføre visjonen sin om å utvikle landet. Den 6. august 1966 vart sjeik Zayed den nye herskaren med støtte frå britane..[4]

Då det vart annonsert i 1968 at Storbritannia kom til å trekke seg ut av Persiabukta innan 1971, vart sjeik Zayed drivkrafta bak skipinga av Dei sameinte arabiske emirata.

Etter Emirata fekk sjølvstende i 1971, byrja oljerikdomen og strøyme inn i området, og dei tradisjonelle leirhyttene vart raskt erstatta med bankar, butikkar og moderne høghus.

I dag har Abu Dhabi det som er estmiert til å vere den høgaste formuen per innbyggjarar, med 1 millionar dollar per lokale nasjonale innbyggjar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Geografisk kart over emiratet Abu Dhabi.

Dei sameinte arabiske emirata ligg i den oljerike og strategiske Persiabukta-regionen. Det grensar til kongedømet Saudi-Arabia og sultanatet Oman.

Abu Dhabi ligg lengst vest og sørvest av Emirata langs sørkysten av Persiabukta, mellom 22°40’ og 25° nordlege breidde og 51° og kring 56° austlege lengdegrad.[1] Det grensar til emiratet Dubai og emiratet Sharjah i nord.

Arealet til emiratet er 67 ,340 kvadratkilometer, som utgjer 87 % av det samla arealet til Emirata, utanom øyar. Territorialfarvatnet til emiratet dekkjer kring 200 øyar. Topografien i emiratet er dominert av lågtliggande sandterreng med sanddyner opp til 300 meter høge i somme område i sør. Dei austlege delane av emiratet grensa til vestsida av Al-Hajarfjella. Hafeet, det høgaste punktet i Abu Dhabi, er kring 1300 meter over havet, og ligg sør for byen Al Ain.[1]

Oppdyrka mark og kunstig vatning innan jordbruk og skogbruk i tidlegare tider har auka storleiken på «grøne» område i emiratet til kring 5 % av det samla landarealet, inkludert parkar og planter ved vegane. Kring 1,2 % av det samla landarealet er nytta til jordbruk. Ein liten del av emiratet er dekt av fjell, inkludert fleire grotter. Kystområda har lommer av våtmarker og mangrover. Abu Dhabi har òg mange øyar, men dei fleste av dei er små og aude. Somme av dei har status som viltreservat.[5]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturar i emiratet Abu Dhabi.
Oasen Al Ain i aust.
Hovudstaden Abu Dhabi

Emiratet ligg i ein tørr, tropisk region. Den nordlege vendekrinsen går gjennom sørlege delar av emiratet, og gjev eit klima som er prega av høge temperaturar året rundt, med ein særs heit sommar. I tillegg gjer høg luftfukt ved kysten klimaet ubehagleg om sommaren. Abu Dhabi har varme vintrar, og kan stundom få låge temperaturar. Lufttempeaturen syner variasjonar mellom kyststripe, det indre ørkenområdet og dei høgareliggande områda.

Abu Dhabi får lite nedbør, men mengdene kan variere mykje frå år til år. Til somme tider av året bles nordavinden over landet og gjer meir behagleg vêr, når dei ikkje fører med seg sand og støv, i tillegg til korte stunder med fuktige, søraustlege vindar.

Oasebyen Al Ain nær grensa til Oman, måler ofte dei høgaste sommartemperaturane i landet, men den tørre ørkenlufta gjer kveldane kjølegare, og mange reiser derfor hit for å unngå den intense sommarvarmen og fukta i hovudstaden.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahyan, emir av Abu Dhabi.

Den politiske forma i emiratet er eit absolutt, arveleg monarki. Lova er i hovudsak basert på sjaria. Statsleiaren er sjeik Khalifa bin Zayed Al Nahyan. Han er son av sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata. Qasr al-Hosn var slottet og setet til herskarane av Abu Dhabi frå kring 1760/1790 til 1966.


Underinndeling[endre | endre wikiteksten]

Abu Dhabi er delt inn i tre kommunale regionar:

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Statistical Yearbook of Abu Dhabi 2012». Statistics Centre - Abu Dhabi (SCAD). 
  2. 2,0 2,1 http://www.arabnews.com/news/508116
  3. «Abu Dhabi Over a Half Century». Statistics Centre - Abu Dhabi (SCAD). 
  4. See Al-Fahim, M, From Rags to Riches: A Story of Abu Dhabi, Chapter Six (London Centre of Arab Studies, 1995), ISBN 1-900404-00-1.
  5. Øyar i Abu Dhabi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Emiratet Abu Dhabi

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Abu Dhabi frå Wikivoyage