Sir Bani Yas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°20′N 52°36′E
Sir Bani Yas
øy
Sir Bani Yas Island Panorama.jpg
Sir Bani Yas
Land Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Koordinatar 24°20′N 52°36′E
Lengd 17,5 km
United Arab Emirates location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sir Bani Yas

Sir Bani Yas (arabisk صير بنى ياس) er ei øy 170 km sørvest for Abu Dhabi, hovudstaden i Dei sameinte arabiske emirata. Ho ligg 9 km utafor Jebel Dhanna, som er kryssingspunkt til andre øyar som Dalma. Sir Bani Yas er 17,5 km frå nord til sør og 9 km frå aust til vest.[1] Øya hadde tidlegare det største viltreservatet i Arabia. Det dekkjer 87 km² og vart oppretta i 1977 av sjeik Zayed Bin Sultan Al Nahyan.[2] Takka vere tiår med bevaringsarbeid og økologiske investeringar, er øya no heimstad til tusenvis av frie dyr og fleire millionar tre og planter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sir Bani Yas kjem frå bani yas-stamma, som var dei første som busette seg i Abu Dhabi. Sir Bani Yas er toppen av ein saltdom som vart skapt for millionar av år sidan av geologiske krefter. Dei første menneska kom til øya for fleire tusen år sidan. Ein har oppdage 36 arkeologiske funnstader på øya. Ein av dei eldste stadane er ruinane av eit nestoriansk kristent kloster, datert attende til 600 evt.

Sir Bani Yas vart først nemnt i europeisk litteratur kring 1590, då den venetianske gullsmeden Gasparo Balbi lista opp «Sirbeniast» som ei øy der ein ofte fann perler. Ho vart skildra i detalj i 1820- og 1850-åra av britiske marineoffiserar som kartla den nedre delen av Persiabukta.

I 1971 vart sjeik Zayed den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata, og valte øya som tilfluktsstad. I 1977 forbaud han all jakt på øya og starta å utvikle staden som eit viltreservat.[2] Det vart planta millionar av tre og fleire dyreartar vart innført på øya, som gaselle, oryx, lama, nandu, sjiraff og struts. Då reservatet var oppretta, ønskte sjeik Zayed å dele resultata med verda, og opna øya for turistar i helgene. Desse turane vart så populære at ein ofte måtte bestille tur eit år i forvegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sir Bani Yas evt.IAS Guide». adias-uae.com. Abu Dhabi Islands Archeological Society. Henta 6. juni 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Historical Timeline». sirbaniyasisland.com. Sir Bani Yas Island, Desert Islands. Henta 6. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sir Bani Yas