Dødsdans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dødsdansi tresnitt av Michael Wolgemut (1434-1519), henta frå Hartmann Schedels Liber Chronicarum («Verdenshistorien», Nürnberg, 1493).

Dødsdans (latin chorea macchabæorum, fransk danse macabre, tysk Totentanz og spansk danza de la muerte) er ein allegori frå seinmellomalderen som viser døden eller daudingar og levande personar saman i ein prosesjon eller dans.[1]

Dødsdansen blir gjerne tolka som eit uttrykk for kor forgjengeleg livet er og korleis døden alltid er nær og har makt over menneskelivet. Allegorien blir ei påminning om at døden råkar alle, uansett kvar dei står i samfunnsordninga.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Side med «Døden og paven» frå ei blokkbok fra 1455–1458. Boka (Oberdeutscher vierzeiliger Totentanz), som består av 25 handkolorerte eittbladstrykk av dødsdansen, skal vera den eldste kjende utgåva med dette motivet.[2]
«Abbeden», tresnitt av Hans Holbein den yngre i hans serie Imagines Mortis («Dødsbilder»), utgitt første gang i 1538.

Opphavet til dødsdansen som symbolsk og biletleg framstilling er noko usikkert. Forestillingane har truleg utspring i mysteriespel og folketru frå mellomalderen om døde som dansa ved midnatt. Bilda kan også ha blitt til under påverknad frå svartedauden som eit memento mori, altså for å minna folk om døden, kor skjørt livet er og kor flyktig og nyttelaus all jordisk ære er.

Utsnitt av «Dødsdansen» av den tyske målaren Bernt Notke (1435-1509) frå Nikolaikyrkja i Tallinn i Estland.

Dødsdansen som motiv i kunst[endre | endre wikiteksten]

Måleriet Totentanz («Dødsdans») av Max Slevogt 1896.
Opningslinjene i Totentanz av Franz Liszt 1849–1859.

Bildekunst[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei mengd bildeframstillingar av dødsdans i europeisk kunsthistorie, blant anna i kyrkjekunst og bøker. Framstillingane varierer frå menneske leia av ein personifiserert dødsfigur, dansande levande og daude, eller berre daudingar, anten i ei rekkje eller parvis. Menneskeskikkelsane representerer alle samfunnslag og aldersgrupper: keisar, konge, pave, munkar, bønder, tiggarar, barn, ungdommar, jomfruer, oldingar og så vidare. Dauden og daudingane har ofte form som skjelett.

Ein serie tresnitt utført av Hans Holbein den yngre på 1520-talet, men første gjeve ut i 1538, er eit kjent eksempel.

Skodespel og film[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tschudi-Madsen, Stephan (20. februar 2018). «dødsdans». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Cod. Pal. germ. 438 Heidelberger Bilderkatechismus' (Handschrift) ; Biblia pauperum (Blockbuch) ; Totentanz (Blockbuch) u.a.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]