David Storl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Storl


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 27. juli 1990 (33 år)
Rochlitz
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

David Storl i 2012

David Storl (fødd 27. juli 1990) er ein tysk friidrettsutøvar frå Rochlitz i delstaten Sachsen. Han vart verdsmeister i kulestøyt i 2011 og forsvarte VM-tittelen to år seinare. I mellomtida vart han i 2012 europameister og tok OL-sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Storl kom på bronseplassen i kulestøyt i den tyske friidretts-meisterskapen 2009. Han fekk bokført 20,43 meter og var dermed kvalifisert til VM i friidrett 2009 i Berlin. I VM landa kula på 19,19 i kvalifiseringa, langt unna finaleplass. I 2010-sesongen forbetra Storl den personlege rekorden til 20,77 m, Han fekk sølvmedaljen i kule-tevlinga i den tyske meisterskapen, under friidrets-VM i Barcelona kom han på femteplass.

Storl fekk sitt store gjennombrot i 2011, då han vann gullmedaljen i kulestøyt under verdsmeisterskapen i Daegu i Sør-Korea. Han sette ny personleg rekord i kvalifiseringa med 21,50 m. I finalen forbetra han rekorden to gongar, fyrst til 21,60 m, og i siste støyt nådde han 21,78 m. Det siste måtte til, då kanadiaren Dylan Armstrong hadde støytt 21,64 m.

Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors støytte Storl kula 21,58 m i finalen, hans beste resultat så langt i sesongen. Sigeren var suveren, andremann Rutger Smith frå Nederland vart slått med over ein meter. Vel ein månad seinare sette Storl ny personleg rekord under kulestøyt-finalen i OL i London. 21,86 m heldt til sølvmedalje, ettersom Tomasz Majewski frå Polen støytte kula tre centimeter lenger.

Før friidretts-VM i Moskva 2013 hadde Storl eit bestestøyt på litt over 21 meter. Atter ein gong viste han seg som ein stor konkurransemann. Han hadde fleire gode støyt i finalen, det lengste målte 21,73 m, nok til at han forsvarte VM-tittelen i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]