Davy Spillane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Davy Spillane
Yoann Nedeleg Noz Project - Festival Yaouank 2016 - 14.jpg
Fødd6. januar 1959 (60 år)
FødestadDublin i Irland
OpphavIrland
Aktiv1970 til i dag
SjangerKeltisk
Folk
Rock
InstrumentSekkepipe, fløyte
Kjende instrumentHandlaga sekkepiper av Davy Spillane
Tilknytte artistarMoving Hearts, Andy Irvine
PlateselskapBurrenstone music
Verka somMusikar, komponist

Davy Spillane (fødd 6. januar 1959) er ein irsk musikar, låtskrivar, sekkepipespelar og fløytist. 12 år gammal starta Spillane å spele sekkepipe. I 1978 byrja han å skrive sin eigen musikk. Han spelte sigøynar i Joe Comerford-filmen Traveller i 1981.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var med på å starte Moving Hearts, i lag med Christy Moore og Donal Lunny i 1981. Sjølv om kvart medlem hadde føter langt inn i irsk folkemusikk, spelte dei originale songar stundom med politiske tekstar og ein folkrock-stil. Det siste albumet deira, The Storm frå 1985 var heilt instrumentalt og bestod av fleire stykke skrivne av Spillane. Han fekk så med seg Béla Fleck, Albert Lee og mange andre på det første soloalbumet hans, Atlantic Bridge. Bandet vart med på turné og spelte òg inn Out of the Air i 1988, som i røynda var eit konsertopptak av Atlantic Bridge. Han fekk så med seg mellom anna Rory Gallagher og Kevin Glackin og spelte inn Shadow Hunter. Dette vart følgd opp av Pipedreams i 1991.

Davy spelte som gjesteartist i orkesterverket «The Seville Suite» i 1992, som skildrar hendingane i 1601 i irsk-spansk historie. Bill Whelan arbeidde så med Davy Spillane og Andy Irvine på albumet EastWind i 1994, som inspirerte Whelan sitt Riverdance i 1995. Spillane var spesialgjest i Riverdance. Spillane samarbeidde òg med Rory Gallagher på songen «The Road to Ballyalla», «Litton Lane» and «One For Phil» i tillegg til Enya i 1988 på hennar «Exile» og «Na Laetha Geal M'óige».

I 1992 skreiv Spillane musikk for Peter Kosminsky-filmen Emily Brontë's Wuthering Heights og i 1995 for eit større publikum med filmen Rob Roy. Anna musikk han har skrive og gjesta på er Kate Bush sitt Sensual World (1989), Mike Oldfield sitt Voyager (1996), Bryan Adams sitt MTV Unplugged, Van Morrison og Elvis Costello. Andre filmar er Eat the Peach og The Disappearance of Finbar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Atlantic Bridge (1987)
  • Shadow Hunter (1990)
  • Pipedreams (1991)
  • A Place Among The Stones (1994)
  • The Sea Of Dreams (1998)
  • Forgotten Days (2001)
  • Deep Blue Sea (2004)

Davy Spillane Band[endre | endre wikiteksten]

Andy Irvine and Davy Spillane[endre | endre wikiteksten]

Davy Spillane and Kevin Glackin[endre | endre wikiteksten]

  • Forgotten Days (2000)

Paul Winter & The Earth Band[endre | endre wikiteksten]

  • Journey With The Sun (2000)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]