Albert Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert Lee

Lee i Los Angeles den 3. juli 2019
Fødd21. desember 1943 (80 år)
FødestadLingen i Herefordshire i England
FødenamnAlbert Lee
AliasMr. Telecaster
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1959
SjangerAmericana
Countryrock
Rockabilly
Rock and roll
R&B
InstrumentVokal, gitar, piano, mandolin
Tilknytte artistarHeads Hands & Feet, Emmylou Harris, Patty Loveless, Eric Clapton, Rodney Crowell, Ricky Skaggs, Bill Wyman's Rhythm Kings, The Everly Brothers, Carlene Carter
PlateselskapA&M, Diamond Records, MCA, Heroic Records, Castle, Magnum, Polydor, Sugar Hill
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • musikalsk leiar

Albert William Lee (fødd 21. desember 1943) er ein engelsk gitarist kjend for gitarteknikken sin som omfattar fingerstil og hybridplukking. Lee har arbeidd både i studio og på turné med mange kjende musikarar frå ei rekkje sjangrar. Han har òg hatt ein solokarriere og er ein kjend komponist og musikalsk leiar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lee fekk først kommersiell suksess som sologitarist med Chris Farlowe and the Thunderbirds, der han slutta i 1968, før han spelte med Heads Hands & Feet og vart kjend som ein «gitarhelt» som spelte Fender Telecaster i forrykande tempo.[1]

Lee spelte med Jon Lord på studioinnspelinga av Gemini Suite, og så Deep Purple's Concerto for Group and Orchestra. Ritchie Blackmore hadde spelt gitar på den første konsertframføringa av Gemini Suite i september 1970, men nekta å delta på studioinnspelinga.

Lee flytta til Los Angeles i 1974 og spelte på tre album med The Crickets. I 1976 vart han med i bandet til Emmylou Harris, Hot Band, der han erstatta ein av heltane sine, James Burton. Frå og med 1978 spelte Lee i fem år med Eric Clapton.

Lee var ansvarleg for sameiningskonserten til The Everly Brothers i 1983 og var musikalsk leiar.[2] Han har spelt fast med The Everly Brothers i over tjue år.

I 1987 skipa Lee sitt eige band, Albert Lee & Hogan’s Heroes i lag med Gery Hogan, og dei har spelt i lag fast fram til 2015.

I 2002 spelte Lee på Concert for George, ein minnekonsert for George Harrison. I 2002 fekk Lee Grammyprisen for beste countryinstrumental for «Foggy Mountain Breakdown» på albumet Earl Scruggs and Friends.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Selskap Nummer Merknad
1979 Hiding A&M SP 4750
1982 Albert Lee Polydor 2383 640
1986 Speechless MCA MCA-5693
1987 Gagged but Not Bound MCA Master Series MCA-42063
1991 Black Claw/Country Fever Line LICD 9.01057 O
1994 In Full Flight! Live at Montreaux Round Tower RTMCD 60 med Hogan's Heroes
2002 Tear It Up Heroic HEROIC0001 med Hogan's Heroes
2003 Heartbreak Hill Sugar Hill SUG-CD-3977
2003 That's All Right Mama: The Country Fever & Black Claw Sessions Castle 800
2006 Road Runner Sugar Hill SUG-CD-4011
2006 In Between The Cracks Heroic HEROIC0004 med Hogan's Heroes
2007 Live At The New Morning Heroic HEROIC0005 med Hogan's Heroes
2008 Like This Heroic HEROIC0006 med Hogan's Heroes
2014 Highwayman Palm Bridge 0013964743173
2019 Gypsy Man - A Tribute To Buddy Holly Mann Brothers

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Larkin, Colin. The Guinness Who's Who of Country Music: Albert Lee entry, Guinness Publishing, 1993. ISBN 0-85112-726-6
  2. «Albert Lee – Biography». Homepage.eircom.net. 21. desember 1943. Arkivert frå originalen 26. januar 2011. Henta 30. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Albert Lee