Davy Wathne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Davy Wathne
Davy Wathne 01.jpg
Fødd 1. januar 1950 (71 år)
Miami Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, programleiar, sportsjournalist
Organisasjon TV 2
Davy Wathne på Commons

David Frank Huey Wathne, kjend som Davy Wathne (fødd 1. januar 1950 i Miami) er ein norsk tidlegare sportsjournalist med fotball som spesialfelt. Han arbeidde som journalist i TV 2 Sporten frå oppstarten i 1992 til 2017.[1] I 2017 sa han frå seg statsborgarskapet sitt i USA og blei norsk statsborgar.[2][3]

Wathne er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med mellomfag i latin, norsk og historie, og jobba som sportjournalist i Bergens Tidende frå studietida og fram til han vart tilsett i då nyetablerte TV 2. I TV 2 er han mest kjend som kunnskapsrik programleiar for sportssendingane. Han har òg vore aktiv i fagforeningsarbeidet i bedrifta.

Wathne er fødd i USA og kom 1 år gamal saman med mora til Noreg, og Wathne har sidan vore amerikansk statsborgar.[4] Han er oppkalla etter sin morfar, David Johansen, men oppgjev namnet sitt som Davy for å unngå den norske uttalen av namnet David. Mor til Davy, sjukepleiaren Aud Johansen, hadde flytta til USA rett etter krigen og treft Davy sin far, eigedomsmeklaren Lester William Huey (d. 1986). Sidan har ikkje Davy sett far sin. Han takka nei til arv frå faren då han døydde i 1986.[5]

Wathne er lidenskapeleg tilhengjar av fotballaget Brann. Då klubben kom til cupfinalen i 1988 måtte han gå frå Bergen til Oslo. Årsaka var at han hadde lova dette tidlegare på året i ein kommentarartikkel i Bergens Tidende, fordi han etter ein cupkamp meinte at Brann var altfor dårlege for å nå cupfinalen.

Wathne har eitt sambuarskap og eitt ekteskap bak seg. Han har to born, eitt frå eit tidlegare ekteskap (f. 1982) og eitt med sin tidlegare sambuar (f. 1993).

Wathne er mellom anna kjend for sine særeigne og spenstige avslutningar på TV 2, som då han mellom anna avslutta med orda «Om et kvarter er vi tilbake med Onsdagssporten. I mellomtiden kan du kose deg med Siri Kalvig...». Han var i mange år ein frontfigur for TV 2 Sporten, og er ein av kanalen sine mest populære programleiarar. Frå 2009 fekk han også i større grad enn tidlegare ytra sterke meiningar rundt fotball offentleg, i [[T2 sitt nye debattkonsept mot slutten av programmet FotballXtra Magasinet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]