Deb Haaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deb Haaland

Statsborgarskap USA, Pueblo of Laguna
Fødd 2. desember 1960 (63 år)
Winslow
Yrke politikar, forretningsdrivande, bedriftsleiar
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Medlem av Congressional Progressive Caucus
Religion katolisisme
Nettstad https://www.doi.gov/secretary-deb-haaland
Deb Haaland på Commons

Debra Anne Haaland (fødd 2. desember 1960 i Winslow i Arizona i USA) er ein USA-amerikansk jurist og politikar for Det demokratiske partiet frå delstaten New Mexico. Haaland blei utnemnd til innanriksminister i USA 16. mars 2021 som den fyrste innanriksministeren med urfolksbakgrunn.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Haaland blei fødd inn i ein militær familie. Mora hennar var av urfolket laguna-pueblofolket, mens faren hennar var norskamerikanar. Faren var krigsveteran frå Vietnamkrigen og blei gravlagd i 2005 med militære ærevisingar. Haaland er utdanna jurist frå University of New Mexico.

Haaland blei vald inn i Representanthuset 6. november 2018 med 59 % av røystene og attvald i 2020 med 58 % i valkrinsen 1. valdistrikt. Ho var den eine av dei to fyrste kvinnelege representantane frå urfolka i USA. Den andre var Sharice Davids frå delstaten Kansas.[2][3][4][5][6][7]

I heimstaten er Haaland særleg kjend som tidlegare leiar for Det demokratiske partiet i New Mexico og for sitt engasjement for rettane til urfolk, for miljøvern, for fornybar energi, for å styrke det offentlege skuleverket og for universell helseforsikring (Patient Protection and Affordable Care Act). Haaland er motstandar av den tidlegare presidenten Donald Trump. Ho gjekk kraftig i rette med den tidlegare presidenten då han kalla partifellen til Haaland, Elizabeth Warren for Pocahontas og då Brett Kavanaugh blei utnemnd til føderal høgsterettsdommar.[8][9][10] Før nominasjonen som presidentkandidaten til demokratane i 2020, gjekk ho fyrst ut med støtte til Warren for den progressive profilen hennar, deretter støtta ho tidlegare visepresident Joe Biden, som ho håpet ville bli ein samlande kandidat.[11]

Påtroppande president Joe Biden nominerte Haaland som innanriksminister i USA 17. desember 2020, med ansvar for forvalting og vern av landområde i føderalt eige, inkludert saker som gjeld urfolk i USA.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Deb Haaland er den første ministeren i USA med urfolksbakgrunn». NRK. 16. mars 2021. 
  2. «Norskættetpolitiker vil bli historisk: Første kvinne fra indianerstamme i USAs kongress». Aftenposten. 17. juli 2018. Henta 07.11.2018. 
  3. «The U.S. Could Be Getting Its First Native American Congresswoman in November». fortune.com. Henta 7. november 2018. 
  4. «First Native American women elected to Congress: Sharice Davids and Deb Haaland». CNN. 7. august 2018. Henta 8. november 2018. 
  5. Norsk slektshistorisk forening. «Deb Haaland». genealogi.no. 
  6. «Haaland takes office». The Norwegian Ameriican. 08.01.2019. Henta 24. juli 2019. 
  7. «Debra Haaland». Ballotpedia. Henta 6. november 2020. 
  8. «Deb Haaland's Biography». Vote Smart. Henta 07.11.2018. 
  9. «Urfolkskvinne for første gang». Aftenposten. 06.06.2018. Henta 07.11.2018. «Fem resultater verdt å merke seg fra nattens primærvalg i USA» 
  10. Deb Haaland (6. oktober 2018). «Brett Kavanaugh’s appointment to a lifetime seat on the Supreme Court will have devastating consequences for communities across the United States for decades to come.». Twitter. Henta 18.01.2018. 
  11. Deb Haaland (9. april 2020). «Joe Biden President». Twitter. 
  12. «Haaland nominert som innanriksminister i USA». VG. 17. desember 2020. Henta 19. desember 2020.