Delaware Art Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delaware Art Museum

StadDelaware
Skipa1912
Kart
Delaware Art Museum
39°45′55″N 75°33′54″W / 39.765277777778°N 75.565°W / 39.765277777778; -75.565

Delaware Art Museum er eit kunstmuseum som ligg ved Kentmere Parkway i Wilmington i Delaware, og har ei samling av meir enn 12 000 gjenstandar. Museet blei grunnlagt i 1912 som Wilmington Society of the Fine Arts til ære for kunstnaren Howard Pyle.[1][2] Samlinga fokuserer på amerikansk kunst og illustrasjon frå 1800-talet til 2000-talet, og på dei engelske prerafaelittane frå midten av 1800-talet.

Museumsbygningen blei utvida og renovert i 2005, og omfattar ein skulpturpark på 9 hektar (36 000 m²), Helen Farr Sloan Library and Archives, atelier med kunstklasser, ein opplæringsstad for barn og ein kafé og museumsbutikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Museet blei grunnlagt i 1912, etter at Howard Pyle døydde, som Wilmington Society of the Fine Arts (WSFA), med over 100 måleri, teikningar og trykk kjøpte frå enkja til Pyle, Anne. Pyle var den best kjende amerikanske illustratøren på si tid; han døydde uventa i 1911 medan han var på reise til Italia.

Who shall be captain?, eit måleri av Howard Pyle i museet frå 1911.
Maria Magdalena av Frederick Sandys, ca. 1858-1860

Pyle hadde mange tidlegare studentar og velgjerarar i heimstaden Wilmington som ville ære minnet hans gjennom museet, mellom anna Frank Schoonover, Stanley Arthurs og Louisa du Pont Copeland. Charteret til museet fastsette at det hadde til hensikt «å fremja kunnskapen om og verdsetjinga av og framelska kunst i staten Delaware».[3]

Frå 1912 til 1922 hadde ikkje WSFA nokon fast tilhaldsstad. Foreininga heldt årlege utstillingar ved Hotel duPont med verk av Pyle og hadde juryerte utstillingar med verk av elevane hans og andre Delaware-kunstnarar. Pyle-samlinga heldt fram med å veksa på grunn av gjevmilda til Willard S. Morse, som gav over 100 verk av Pyle i penn og blekk til WSFA mellom 1915 og 1919. I 1922 leigde WSFA tre rom i New Library Building på hjørnet mellom 10th og Market Street i sentrum av Wilmington.[4]

Portrett av Elizabeth Siddal av Dante Gabriel Rossetti, ca. 1854

I 1931 kontakta forvaltaren av arva etter Samuel Bancroft WSFA med eit tilbod om å donera ei samling av prerafaelittiske verk i tillegg til 11 hektar jord for å husa eit museum for samlinga. Bancroft hadde kjøpt måleria frå 1890-talet av, og det er «den største og viktigaste samlinga av britisk prerafaelittisk kunst og manuskriptsmateriale i USA».[3] Trass i vanskane under den store depresjonen klarte WSFA å samla inn 350.000 dollar til den nye bygningen, som blei opna i 1938.[5] Samstundes blei namnet endra til Delaware Art Center. Den nye bygningen var utforma av arkitektane Victorine & Samuel Homsey og den assosierte arkitekten G. Morris Whiteside II.[6]

WSFA flytta inn i Delaware Art Center i juni 1938. Wilmington Academy of Fine Arts dreiv pedagogiske program i bakkeetasjen. Då andre verdskrigen braut ut blei bensin strengt rasjonert, og talet vitjande til museet blei redusert. Wilmington Academy of Fine Arts blei oppløyst i 1943 og gav det det åtte til Delaware Art Center. Dette danna grunnlaget for utdanningsavdelinga der, som auka til over 500 studentar i 1954.

I 1987 blei museet bygd ut vidare, til omtrent dobbel storleik.[7] Den raske veksten i vitjande, program og formidling kravde vidare utviding i 2005. Under utvidinga heldt museet til ved det som no er Chase Center on the Riverfront.

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av samlinga til Delaware Art Museum er kunst frå slutten av 1800-talet og tidleg 1900-tal, særleg amerikanske illustrasjonar og verk frå prerafaelittane. Grunnlaget for samlinga til museet er verk av Howard Pyle og elevane hans N.C. Wyeth, Frank Schoonover og Stanley Arthurs. Helen Farr Sloan, kona til kunstnaren John French Sloan, byrja å donera verk i 1961, og museet har no kring 5000 gjenstandar gjennom dette.[3][8]

Sidan 1970-talet har museet lagt til verk av moderne kunstnarar som Jacob Lawrence, Louise Nevelson, Robert Motherwell, George Segal og Jim Dine.[3] Dei permanente samlingane til museet inkluderer dei følgjande:[9]

Lady Lilith, ferdigført 1873, av Dante Gabriel Rossetti.
Portrett av Absalom Jones, 1810, av Raphaelle Peale.

Amerikansk kunst frå 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Marooned, 1909, av Howard Pyle.

Amerikansk illustrasjon[endre | endre wikiteksten]

Howard Pyle og studentane hans[endre | endre wikiteksten]

Annan amerikansk illustrasjon[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk kunst frå tidleg 1900-tal[endre | endre wikiteksten]

Spring Rain, 1912, av John Sloan.

Amerikansk kunst etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Helen Farr Sloan Library[endre | endre wikiteksten]

«Wake dearest» frå The Flower Book av Edward Burne-Jones.

Ein opna to ulike bibliotek i den nye Delaware Art Center-bygningen i 1938. Eit av dei var vigd samlinga til Howard Pyle, og det andre var vigd Samuel Bancroft, Jr. og samlingane hans av viktorianske bøker og bøker om prerafaelittisk målarkunst. I 1978 donerte Helen Farr Sloan samlinga til mannen sin, John Sloan Manuscript og Library Collection. I 1985 blei det opna eit konsolidert bibliotek i den nye Pamela og Lammot du Pont Copeland-fløya, kalla opp etter fru Sloan. Det inneheld over 30.000 bind og 1.000 boksar med personlege papir, fotografi og anna materiale knytt til John Sloan, Samuel Bancroft, Jr. og Howard Pyle og studentane hans.[3] Det fekk for nyleg tak i ei utgåve av The Flower Book av Edward Burne-Jones.[10] I 2009 fekk museet M.G. Sawyer Collection of Decorative Bindings i gåve, ei samling som omfattar over 2000 band.[11]

Copeland Sculpture Garden[endre | endre wikiteksten]

Den ni hektar store skulpturhagen bak museet inneheld ni store skulpturar og eit gammal reservoar som er omgjort til ein labyrint.

Iris Wild, 1974, av Isaac Witkin

Høgdepunkt i hagen er den 13 fot høge bronsefiguren Crying Giant av Tom Otterness og Three Rectangles Horizontal Jointed Gyratory III av George Rickey, som rører seg i vinden. Joe Moss er representert av ein lydskulptur som endrar og forvrenger lyd i nærleiken.

Labyrinten
Love's Messenger, 1885, av Marie Spartali Stillman

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Soulsman, Betsy Rice (13. november 2011). «Art museum marks a century of culture». The News Journal (Wilmington). 
  2. Holme, Charles; Eglinton; Boswell, Peyton; McCormick, William Bernard; Whigham, Henry James, Guy (Juli 1916), The International Studio 59 (233 utg.), New York: John Lane Company, s. LXXX 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Binkowski, Kraig; Delaware Art Museum (2004). Delaware Art Museum: Selected Treasures. London: Scala. s. 136. ISBN 9781857593204. Binkowski, Kraig; Delaware Art Museum (2004). Delaware Art Museum: Selected Treasures. London: Scala. p. 136. ISBN 9781857593204 9781857593204
  4. Moore, Constance. History of the Delaware Art Museum written in 1962. [daud lenkje]
  5. Cary, Elizabeth Luther (26. mars 1933). «Pre-Raphaelite Art for a Museum». The New York Times. s. IX 10:6. «The Bancroft estate has now made the Wilmington Society of the Fine Arts an offer of ground for a museum, almost three acres on a charming site, with the Brandywine Creek for a rear boundary, the offer conditional on the erection of the museum in five years time. … if the museum is built, the Bancroft collection, consisting of many interesting items in addition to the pre Raphaelite material, will be housed within it…» 
  6. W. Barksdale Maynard, Buildings of Delaware (Charlottesville: University of Virginia Press, 2008): 142-143.
  7. «Delaware Art Museum Quarterly 1.3». 
  8. Sozansk, Edward J. (November 20, 2011). «Art: Delaware Art Museum show explores the versatility of Howard Pyle». The Philadelphia Inquirer. Henta November 22, 2011. 
  9. Binkowski, Kraig; Delaware Art Museum (2004). Delaware Art Museum: selected treasures. Scala. s. 136. ISBN 9781857593204. 
  10. Delaware Art Museum Arkivert 2012-02-14 ved Wayback Machine. A SECRET BOOK OF DESIGNS: THE BURNE-JONES FLOWER BOOK. Retrieved 1 February 2012.
  11. Delaware Art Museum[daud lenkje] Press Release. Retrieved 21 July 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Delaware Art Museum