Den kvite løves orden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den hvite løves orden)


Ordenskjede for Den kvite løves orden. Národní museum, Prag
Ordensstjerne for Den kvite løves orden 1922–1961.

Den kvite løves orden (tsjekkisk Řád bílého lva) er ein tsjekkisk orden. Han vart innstifta 7. desember 1922, då landet var ein del av Tsjekkoslovakia. Ordenen vart berre tildelt utlendingar. Den kvite løves orden vart grunnlagd som ein reint tsjekkisk orden ved lov av 9. juli 1994 og kan etter dette verte tildelt både tsjekkiske og utanlandske borgarar. Den kvite løves orden er den fornemste i Tsjekkia. Ordenen har namn frå løva i Det tsjekkiske riksvåpenet, den bøhmiske kvite løva på raudt våpenskjold. Den kvite løves orden vert i dag tildelt av Tsjekkias president. Ordenen er inndelt i to avdelingar, ein sivil og ein militær.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Ordenen vart reformert i 1961 og vart etter dette enno berre tildelt utledninger for fortenester av Tsjekkoslovakia. Samstundes vart ordensteikna endra til å inkludera Tsjekkoslovakias riksvapen frå 1960 og forkortinga «ČSSR», for Den Sosialistiske republikken Tsjekkoslovakia. Tildeling av Den kvite løves orden heldt fram under i åra til 1990 til 1993 under Den tsjekkiske og slovakiske føderale republikk. Etter splittinga av Tsjekkoslovakia til to land vart Den kvite løves orden vidareført av Tsjekkia. Slovakia har oppretta eit eige ordensvesen der ordenen ikkje er vidareført.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ved innstiftelsen hadde Den kvite løves orden fem gradar. I 1961 vart detta minska til tri. I dag har Den kvite løves orden fem gradar. Ordensgradane vert namngjevne med nummer frå 1. til 5. klasse, der 1. klasse er den fornemste.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet for Den kvite løves orden består av eit femarmet kross i raud emalje. Endene til kvar arm i tre spissar. Mellom krossarmane er det plassert lindeblad i gull. Lindebladet er eit tsjekkisk nasjonalsymbol. På krossen er løven frå riksvåpenet plassert. Løva er i sølv. Baksida er pryda av det tsjekkiske riksvåpenet innanfor ein bord med innskriften «PRAVDA VÍTĚZÍ» («sanninga sigrar»). Ordensteiknet er opphengt i bandet i eit ledd som består av ein krans lindeblad. Når ordenen vert tildelt for militære fortenester har kransen tillegg av krosslagde sverd.

Ordensstjerna har åtte taggar og er i sølv. Midtmedaljongen er raud og ber i midten løven i sølv omgjeve av ein bord med innskriften «PRAVDA VÍTĚZÍ». Baksiden viser #den store riksvåpena i landet. Storleiken på ordensstjerna varierer etter grad.

Ordenskjedet består av tjue ledd. Ledda vert utgjort av initialane «ČR» for «Česká republika» og mottoet «PRAVDA VÍTĚZÍ».

Ordensbandet er raudt med kvite striper.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Den kvite løves orden vert i dag tildelt til tsjekkiske borgarar for innsats innanfor politikk og offentleg administrasjon, for framme av økonomien i landet, forsking, teknologi, kunst, kultur og utdanning, og dessutan for framifrå innsats for forsvaret i landet og tryggleik. Utanlandske statsborgarar kan verta ordenen tildelt for framme av Tsjekkia. Det er ingen avgrensingar på mengda tildelinger, bortsedd frå at den 1. klassa til ordenen med kjeda berre kan tildelast statsoverhovud. Ordenen kan òg tildelast posthumt. Tsjekkias president ber storkross med kjeda som embetstegn, men kan, dersom begge kammer i nasjonalforsamlinga avgjer det, verta utnemnd til same grad når presidentperioden er til ende. Ordenstildeling finn stad 1. januar og 28. oktober.

Til saman 73 personar er tildelt Den kvite løves orden. Det har funne stad flest tildelinger i 1. klasse, der 21 personar er utnemnde til den ordinære graden og sju personar er tildelt 1. klasse med kjeda. Václav Havel er den einaste tsjekker som er tildelt 1. klasse med kjeda av Den kvite løves orden. Dei andre mottakarane av kjeda er utanlandske presidentar som Jacques Chirac, Bill Clinton, Aleksander Kwaśniewski, Johannes Rau og Ezer Weizman. Dronning Elisabeth II og kong Juan Carlos I har òg motteke ordenskjedet.

Norske innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Kong Håkon VII vart innehavar av storkross av Den kvite løves orden. Hjalmar Riiser-Larsen vart kommandør med stjerne og Olav Rytter offiser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]