Olav Rytter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Rytter

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1903
Kristiansund
Død

7. juni 1992 (89 år)

Yrke lingvist, journalist, omsetjar
Språk norsk
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Henrik Rytter
Olav Rytter på Commons

Olav Rytter (29. januar 19037. juni 1992) var ein norsk journalist og omsetjar. Han er mest kjend som medarbeidar ved den norske avdelinga i BBC under andre verdskrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rytter var fødd iKristiansund[1] som son av lyrikaren og omsetjaren Henrik Rytter og Maren Ovidia Olsen.[2]

Han var gift med Dagny Jørgine Sausjord frå 1928 til 1945 og med Hanne Bull (fødd Stang) frå 1948. Gjennom den andre kona var han svigerson av Emil Stang d.y.[2]

Rytter vart utdanna filolog ved Universitetet i Oslo. Han studerte også ved Karlsuniversitetet i Praha, og spesialiserte seg på slaviske og indo-ariske språk.[1] Han var lektor i norsk i Praha og Warszawa frå 1928 til 1935.[3] I 1936 vart han tilsett som redaktør i den nystarta nynorske avisa Norsk Tidend.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ved krigsutbrotet 9. april 1940 arbeidde Rytter i nyhendeavdelinga i NRK. Han følgde regjeringa til Hamar, Elverum og Nybergsund. Han kom seg over til London via Stockholm og var på plass i BBC med norske sendingar frå 18. april 1940. Rytter vart verande ved BBC under heile krigen. Han deltok i frigjeringa av Finnmark i 1944 i operasjon Crofter, som sivil militær kaptein og tolk. Etter kapitulasjonen vart han i dåverande kronprins Olavs følgje tilbake til Noreg og var på plass i NRK med sin første reportasje av heimturen den 14. mai 1945.

Rytter skreiv boka Frå Nybergsund til Honnørbrygga i 1946. Boka inneheld enkelte reportasjar og intervju han gjorde som krigskorrespondent og progamsekretær ved BBC under krigen.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1948 til 1953 var han sjef for dei Dei sameinte nasjonane sitt informasjonskontor i Praha. Han omsette fleire bøker frå indiske og slaviske språk, og fekk i 1975 Norsk kulturråd sin omsetjarpris.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1975 fekk han Norsk kulturråd sin omsetjarpris. Rytter vart før andre verdskrigen utnemnd til riddar av Den kvite løveordenenen, og vart i 1947 forfremja til offiser for innsatsen for Tsjekkoslovakia under verdskrigen. Han var òg innehavar av Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70 års medalje, Kong Christian X fridomsmedalje og Medaljen for siger over Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Olav Rytter 85 år». Norwegian News Agency. 26. januar 1988. 
  2. 2,0 2,1 Dahl, Hans Fredrik (28. september 2014). «Olav Rytter». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  3. «Olav Rytter». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]