Den latinske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den latinske kyrkja (latinsk Ecclesia Latina), romerske kyrkja (latinsk Ecclesia Romana) eller Vestkyrkja (latinsk Ecclesia Occidentalis) er namn brukte om den største delen av den katolske kyrkja.

Kyrkja er representert over heile verda, men er viktigast i dei romansk-språklege landa i Sør-Europa, Latin-Amerika, og tidlegare koloniar til romanske land i Afrika og Asia. Irland og Polen er òg kjende katolske land.

Den latinske kyrkja i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart den romersk-katolske kyrkja etablert på slutten av 900-talet som resultat av kong Olav Tryggvasons krigerske kristningsverk, og allereie før Noreg fekk eigen erkebiskop i Nidaros, noverande Trondheim, vart det skipa bispesete her i landet. Eit tingsmøte i Trondheim i 1024 gjorde på formelt vis romersk-katolsk kristendom, kult og rettsordning til den einaste lovlege, og dette varte ved heilt fram til reformasjonen i 1537, då katolisismen vart forbode og den lutherske protestantiske versjonen av kristendomen vart den einaste lovlege religion. Grunnlova frå 1914 fastsette at Noreg skulle ha den lutherske kristendomen som statens religion. Men i 1843 vart det gjeve løyve til å skipe ein katolsk kyrkjelyd i Oslo, og ei ny lov om dissentarar frå 1845 gav høve til andre religionsformer. Grunnlovas reglar om religonsutøvinga vart deretter endra i 1851, og munkeordningar, som spelar ei viktig rolle i romersk-katolsk kristendom, vart tillatne i 1897. Men forbodet i Grunnlova om at at den romersk-katolske jesuittarordenen ikkje hadde tilgang til Noreg vart ikkje oppheva formelt før i 1956. I 1964 vart Grunnlova endra for å gjere det klårt at alle hadde rett til å praktisere sin eigen religion: «Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsøvelse».

Den moderne romersk-katolske kyrkja i Noreg er organisert i tre stift/bispedøme, som vert leia av kvar sin biskop. Kvart bispedøme er ein sjølvstendig eining, og kvar av biskopane rapporterer rett til pavestolen i Roma. Dei tre bispedøma er delt inn i til saman 35 kyrkjelydar med ei soknekyrkje kvar, men har som oftast fleire stader der det vert halde messe. Per mars 2011 er det i heile Noreg registret om lag 85.000 katolikkar.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.