Derek Bell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Derek Bell
Fødd21. oktober 1935(1935-10-21)
FødestadBelfast i Nord-Irland
Død17. oktober 2002 (66 år)
DødsstadPhoenix, Arizona
FødenamnGeorge Derek Fleetwood Bell
OpphavStorbritannia
Aktiv1947–2002
Sjangerkeltisk musikk
InstrumentHarpe, piano, obo
Tilknytte artistarThe Chieftains
Verka somMusikar, låtskrivar
PrisarMedlem av Den britiske imperieordenen

George Derek Fleetwood Bell, MBE (21. oktober 193517. oktober 2002) var ein irsk harpist, pianist, oboist, musikkforskar og komponist, mest kjend for å spele forskjellige instrument i The Chieftains. Han byrja først å spele harpe då han var i 30-åra.[1]

Sjølv om han var mest kjend som medlem av the Chieftains, omfatta karrieren til Derek Bell ei rekkje musikalske høgdepunkt innan både klassisk musikk og folkemusikk.[1] Bell var kanskje den leiande irske harpisten i verda, og var med på å bringe instrumentet ut til eit breiare publikum internasjonalt.[1] Bell byrja å spele harpe tidleg i 30-åra og vart med i the Chieftains i 1972. Med instrument som harpe, obo og dulcimer, utvida han den musikalske horisonten til gruppa, som på den tida hadde fått ein stor tilhengjarskare i England og frå midten av 1970-åra vart eit internasjonalt fenomen. Interessa hans for irsk musikk førte til at han skreiv arrangement av mange tradisjonelle irske folkesongar for ensemble av forskjellig storleik. Han har òg komponert mange klassiske verk, og arrangert andre frå forskjellige etniske kjelder, som ungarske og peruanske dansar, Tocatta Burlesca (ei innspeling der Bell speler åtte forskjellige instrument), to symfoniar og ein suite kalla The Violet Flame og mange verk for soloharpe og orkester. Bell sitt arbeid med den irske harpa har gjort at instrumentet har gått frå å vere nær utdøydd til eit mykje brukt folkeinstrument.[1]

Solodiskografi (utanom The Chieftains)[endre | endre wikiteksten]

  • Carolan's Receipt (1975)
  • Carolan's Favourite (1980)
  • Derek Bell Plays With Himself (1981)
  • Musical Ireland (1982)
  • Ancient Music For The Irish Harp (1989)
  • Mystic Harp (1996)
  • A Celtic Evening with Derek Bell (1997)
  • Mystic Harp (Volume II) (1999)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Derek Bell på Allmusic.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]