Det malawiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storleikstilhøve 2:3
Det føre flagget i Malawi.

Det malawiske flagget er ein vassrett trikolor i raudt, svart og grønt med ei stilisert sol i kvitt midt på. Det blei teke i bruk i Malawi i 2010.

Flagget blei føreslått av regjeringa den 29. juli 2010, og innført som nytt offisielt flagg i Malawi den 31. juli same året.[1] Opposisjonen i Malawi gjorde rettsleg motstand mot endringa av flagget.[2] Presidenten i Malawi, Bingu wa Mutharika, godtok likevel det nye flagget.[3]

Den nye utforminga skilde seg frå det tidlegare malawiske flagget ved at fargestripene hadde ei ny rekkjefølge som passa betre med det pan-afrikanske flagget, og den tidlegare raude, halve sola blei bytta ut med eit heil kvit sol. Den nye sola skulle representere den økonomiske framgangen i landet sidan det fekk sjølvstende i 1964.[4]

Flagget i Malawi 1964–2010[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare utforminga av flagget blei teke i bruk 6. juli 1964, då Malawi lik mange andre afrikanske land fekk sjølvstende frå europeiske kolonimakter. Den oppstigande sola i det øvste feltet stod for det afrikanske fridomshåpet. Det svarte feltet stod for folket på kontinentet, det raude for martyrane i fridomskampen, og det grøne for naturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. (en) «Malawi fly new modified flags despite public outcry» Arkivert 2010-08-04 ved Wayback Machine., Nyasa Times, 1. august 2010
  2. (en) «Flag change to be challenged in court-UDF» Arkivert 2011-07-22 ved Wayback Machine., Nyasa Times, 1. juli 2010
  3. (en) «Bingu endorses new Flag Bill» Arkivert 2011-07-23 ved Wayback Machine., The Nation, 30. juli 2010
  4. (en) «Have your say: The proposed new Malawi national flag» Arkivert 2010-06-19 ved Wayback Machine., Nyasa Times, 20. desember 2009