Dhurma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°36′N 46°08′E
Dhruma
ضرما
by
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Riyadh-provinsen
Koordinatar 24°36′N 46°08′E
Folketal 10 267 (2004)
Folketettleik 10 267 / km²
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Dhurma eller Darma (arabisk ضرما) er ein liten by 73 km med bil nordvest for Riyadh i Saudi-Arabia.[1] Han er senteret i det vesle Dhruma guvernement i Riyadh-provinsen, og hadde 10 267 innbyggjarar i folketeljinga i 2004. [2] Han ligg i den vide Al-Batin-dalen, der òg den større byen Muzahmiyya ligg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen er nemnt i eit dikt på 600-talet av Jarir som «Qarma» eller «Garma», og er òg nemnt med same namn i leksikonet til Yaqut. Det er ukjend når namnet «Dhruma» kom i bruk. Landsbyen var viktig før 1900-talet i Nejd som ein vestleg innfallsport til regionen Wadi Hanifa, som omfattar Riyadh og Diriyah, og tok ofte hovudtyngda av militærtokt som var retta mot regionen. Dei tradisjonelle herskarane var fjerne slektningar av Al Saud-familien, og Dhruma slo seg saman med Den første saudiarabiske staten på slutten av 1700-talet. Ein stor invasjon av saudi-styrte territorium av Yam-stamma frå Najran, kring 1000 km mot sør, vart driven attende av folket i Dhruma i 1775, etter eit intenst slag i ein nærliggande palmeskog.

Seinare kringsete egyptisk-osmanske styrkar leia av Ibrahim Pasja byen på veg til den saudiske hovudstaden Diriyah. Dhruma gav dei god motstand og avslo tilbodet til Ibrahimom ein våpenkvile i byte mot at han fekk lov å dra vidare til Diriyah. Byen overgav seg tidleg i 1818 og straffa til Ibrahim var særleg hard, og han let soldatane sine plyndre landsbyen. Byen kom seg noko etter denne hendinga og hadde nesten 6 000 innbyggjarar i 1917. Etter at hovudvegen mellom Riyadh og Mekka vart lagt utanom Dhurma, har det gått nedover med byen og mange av innbyggjarane har flytta til Riyadh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]