Dibba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dibba
region
Land  Oman,  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°37′N 56°16′E
Kart
Dibba
25°37′0″ N 56°16′0″ E
Wikimedia Commons: Dibba

Dibba (arabisk دبا; portugisisk Doba), stundom skrive Diba eller Daba, er ein kystregion på nord på den austlege delen av Den arabiske halvøya ved Omanbukta. Politisk er det delt inn i tre område:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Denne store naturlege hamna på austkysten av dei nordlege Emirata har vore ein viktig stad for sjøfart og busetnad sidan før-islamsk tid. Ein har funne spor, hovudsakleg graver, etter busetnader frå seint på 1000-talet fvt. og det første tusenåret fvt. ved stader som Shimal, Tell Abraq og Rumeilah. Under sassanidane var det ein viktig marknad i Dibba og han var stundom hovudstaden i Oman.[1] I følgje Ibn Habib «kom handelsfolk frå Sindh, India, Kina, folk frå aust og vest» til staden.

Kort tid etter profeten Muhammed døydde, braut det ut eit opprør i Dibba og ein fraksjon av Azd, leia av Laqit bin Malik Dhu at-Taj, avslo islam. I følgje ei soge vart Laqit drepen av eit sendebod frå kalifen Abu Bakr, medan andre kjelder, som Al-Tabari seier at minst 10 000 opprørarar vart drepne i eit av dei største slaga i Riddakrigane. Sletta bak Dibba har framleis ein stor gravplass der desse opprørarane i følgje ei lokal soge skal vere gravlagd.

Undet Abbaside-kalifen Al-Mu'tadid (870–892) vart det utkjempa eit stort slag ved Dibba under erobringa av OMan av abbaside-guvernøren i Irak og Bahrain, Muhammad bin Nur. Etter dette er Dibba lite nemnt i historisk litteratur, før portugisarane bygde ei festning der. Dibba (Debe) står oppført i listene over søraustarabiske stadnamn bevart av den venetianske gullsmeden Gasparo Balbi i 1580 og skildringar av det portugisiske fortet finst i fleire kjelder, som Cortesao sin Portugalliae monumenta cartographica.

Kring 1620–1621 vitja den italienske eventyraren Pietro Della Valle sultanen av Bandar Abbas, der han møtte sonen til herskaren av Dibba. Frå denne sonen fekk han vite at Dibba tidlegare hadde vore underlagt kongedømet Hormuz, men var på den tida lojal til safavidane. I 1623 sendte safavidane troppar til Dibba, Khor Fakkan og andre hamnebyar på søraustkysten av Arabia, for å førebuseg for eit portugisisk motåtak, etter at dei vart drivne bort frå Hormuz (Jarun). Portugisarane, under Rui Freire, fekk så stor suksess, at folket i Dibba vende seg mot sadavidane og tok livet av alle overherrane på staden. Ein portugisisk garnison på 50 mann vart oppratta i Dibba. Det vart sendt fleire portugisiske styrkar til Dibba i 1627 etter eit arabisk opprør.

Naturkatastrofar[endre | endre wikiteksten]

I juni 2007 vart Dibba råka av syklonen Gonu, som førte til skadar på bygg og hus.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei sameinte arabiske emirata: A New Perspective By Ibrahim Abed, Peter Hellyer. ISBN 1-900724-47-2, ISBN 978-1-900724-47-0
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. juni 2011, henta 4. juni 2016