Diskusjon:Esben Esther Pirelli Benestad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis skal vi endre artikkelen utan å bruke "han"? Fordi "han" er i mot retningslinene, fordi Esben Esther er ingen mann. McLennonSon (diskusjon) 8. april 2016 kl. 06:13 (CEST)[svar]

Kva for retningsliner er dette? På Nynorsk Wikipedia bruker me språkreglar frå Språkrådet. Om dei går inn for kjønnsnøytrale pronomen, kan me gjerne bruka slike. Inntil vidare får me klara oss med «han», som Benestad vel teknisk er. --Ranveig (diskusjon) 8. april 2016 kl. 10:01 (CEST)[svar]
Kvifor attenderulla di endringa mi igjen? Hen er akseptert språkbruk i følge språkrådet "Han, ho eller hen" McLennonSon (diskusjon) 8. april 2016 kl. 18:08 (CEST)[svar]
Nei, det er ikkje akseptert, om ein les artikkelen. --Ranveig (diskusjon) 8. april 2016 kl. 18:11 (CEST)[svar]
Les om att, "Nokre av problema med ordet råkar òg denne bruken av hen, men det blir vege opp av at vi har ei gruppe som både ønskjer og manglar eit særskilt pronomen for seg. Språkrådet stør denne bruken." Esben er korkje mann eller dame, så vi bruke "hen", elles er det diskriminering. McLennonSon (diskusjon) 8. april 2016 kl. 18:15 (CEST)[svar]
I neste avsnitt står det: «Språkrådet vil ikkje rå folk frå å bruka ordet i den vidare tydinga privat. I denne sfæren er det språkbrukarane som bestemmer. Vinn denne bruken av ordet fram, vil hen med tida koma i norske ordbøker òg, for ordbøkene speglar grovt sett den vanlege bruken av ordtilfanget. Førebels meiner Språkrådet likevel det er for tidleg å ta ordet inn i rettskrivingsordbøkene. Eit nytt pronomen bør vera skikkeleg innarbeidd først.» – Gaute drøs - epost - 8. april 2016 kl. 23:26 (CEST)[svar]
@McLennonSon: På kva måte meiner du Benestad vert handsama som andre ikkje vert (eller omvendt)? Jamfør utsegna om diskriminering. --Njardarlogar (ordskifte) 9. april 2016 kl. 00:35 (CEST)[svar]

Vi må få til at Esben Esther ikkje blir referert med mannlige pronomen fordi hen er på ingen måte ein mann. Eg har diskutert litt med Njardarlogar, men han er imot å anten bruke pronomenet hen (som burde vere akseptabelt) eller å bruke Esben i staden for eit pronomen. Kan ikkje vi prøve dette her (men utan kjelder);

Esben Esther Pirelli Benestad {{fødd|3. mai|1949|Benestad, Esben Esther Pirelli}} er ein norsk lege og sexolog som også markerer seg ved å vere ein av dei få opne transpersonane i Noreg.
Esben er gift med sexologen Elsa Almås og sonen Even Benestad er filmregissør. Even Benestad har laga dokumentarfilmen Alt om min far om Esben.
I 2007 deltok Esben i Skal vi danse og vart røysta ut etter fire sendingar. Esben fortalte etterpå til God kveld Norge at hen kjende seg mobba ut av dommarane fordi dei kritiserte identiteten sin i dansinga.
I 2012 vart Esben og kona Elsa Almås begge utnemnt til professorar i sexologi ved Universitetet i Agder. Dei er dei fyrste som har vorte professorar i sexologi i Noreg.
Esben har gått inn for bruken av kjønnsnøytrale personlege pronomen.
McLennonSon (diskusjon) 6. juli 2017 kl. 13:45 (CEST)[svar]

Argumenta og synspunkta mine finst her. --Njardarlogar (ordskifte) 6. juli 2017 kl. 13:53 (CEST)[svar]