Distriktet İskele
Hopp til navigering
Hopp til søk
Distriktet İskele (tyrkisk İskele ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg på den austlege delen av øya Kypros og har eit areal på 774 kvadratkilometer.[1] Distriktet vart skild ut frå distriktet Gazimağusa i 1998.[2] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.
Innhaldsliste
Folketal[endre | endre wikiteksten]
Utviklinga av folketalet i distriktet og underdistrikta:
År | Distriktet İskele | İskele Merkez | Mehmetçik | Yeni Erenköy | Kjelde |
---|---|---|---|---|---|
1996 | 19 179 | 6 917 | 4 899 | 7 363 | [3] |
2006 | 21 099 | 7 802 | 5 431 | 7 866 | [3] |
2011 | 22 492 | 7 906 | 6 610 | 7 976 | [4] |
Administrasjon[endre | endre wikiteksten]
Distriktsadministrasjonen i byen İskele (Tríkomo) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (tyrkisk kaymakam) er (i 2016) Ahmet Cenk Musaoğulları.[5]
Kommunar[endre | endre wikiteksten]
Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
Underdistriktet İskele Merkez[endre | endre wikiteksten]
- İskele (Tríkomo) (7 906)
Underdistriktet Mehmetçik[endre | endre wikiteksten]
- Mehmetçik (Galátia) (3 729)
- Büyükkonuk (Kómi Kepír) (2 860)
Landsbyen Kantara (Kandára) (21) ligg utanfor kommunestrukturen.
Underdistriktet Yeni Erenköy[endre | endre wikiteksten]
- Yeni Erenköy (Jaloúsa) (5 627)
- Dipkarpaz (Rizokárpaso) (2 349)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
- ↑ Lov 33/1998
- ↑ 3,0 3,1 Folketeljing 2006
- ↑ 4,0 4,1 Folketeljing 2011
- ↑ Kibriz 7/24 23.04.2016