Distriktet Güzelyurt
Distriktet Güzelyurt (tyrkisk Güzelyurt ilçesi) er eit distrikt i Nord-Kypros. Distriktet ligg i den nordvestlege delen av øya Kypros. Distriktet vart skild ut frå distriktet Lefkoşa i 1998.[1] I 2016 vart distriktet delt ved at Lefke vart skild ut som eige distrikt.[2] Fram til den tyrkiske invasjonen i 1974 var området ein del av distriktet Levkosía i Republikken Kypros.
Distriktet hadde eit areal på 381 kvadratkilometer før Lefke vart skild ut.[3]
Folketal[endre | endre wikiteksten]
Utviklinga av folketalet i distriktet:
År | Distriktet Güzelyurt | Kjelde |
---|---|---|
1996 | 18 236 | [4] |
2006 | 18 562 | [4] |
2011 | 18 946 | [5] |
Administrasjon[endre | endre wikiteksten]
Distriktsadministrasjonen i byen Güzelyurt (Mórfou) representerer den nord-kypriotiske staten i distriktet.
Kommunar[endre | endre wikiteksten]
Distriktet har denne kommunen (innbyggjartal 2011 i parentes):[5]
Underdistriktet Güzelyurt Merkez[endre | endre wikiteksten]
- Güzelyurt (Mórfou) (18 946)
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Lov 33/1998
- ↑ Kibris Postasi: Lefke sjette distrikt i Nord-Kypros
- ↑ KKTC Tarım Bakanlığı İstatistik ve Planlama Şubesi (Landbruksdepartementet, avdeling for statistikk og planlegging): «Tarımsal Yapı ve Üretim» (Landbruksstruktur og produksjon), 2007, s. 15
- ↑ 4,0 4,1 Folketeljing 2006
- ↑ 5,0 5,1 Folketeljing 2011