Rizokárpaso
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rizokárpaso Ριζοκάρπασο Dipkarpaz | |
---|---|
Kyrkje og moské i Rizokárpaso | |
Styresmakter | |
Land Distrikt Land Distrikt |
Republikken Kypros Ammókhostos Nord-Kypros İskele |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2011) |
2 016 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Plassering | |
Rizokárpaso innafor distriktet Ammókhostos |
Rizokárpaso (gresk Ριζοκάρπασο, tyrkisk Dipkarpaz) er ein distriktsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene. Frå 1983 er han administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Dipkarpaz i distriktet İskele.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde nord-kypriotiske kommunen Dipkarpaz 2 349 innbyggjarar. Av desse budde 2 016 i sjølve byen, fordelt på bydelane:[2]
- Ersin Paşa (861 innbyggjarar)
- Polat Paşa (503 innbyggjarar)
- Sancar Paşa (652 innbyggjarar)
Til kommunen høyrer òg busetnaden:[2]
- Kaleburnu (Galinóporni) (333 innbyggjarar)