Don't Turn Around

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Turn Around
Song av Tina Turner
frå albumet Break Every Rule
Utgjeve 1986
Sjanger Pop, rock
Lengd 4:16
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Diane Warren, Albert Hammond
Don't Turn Around
av Aswad
Utgjeve 10. februar 1988
Innspelt 1987
Sjanger Pop, reggae
Lengd 3:51
Låtskrivar(ar) Diane Warren, Albert Hammond
Don't Turn Around
Singel av Ace of Base
frå albumet Happy Nation/The Sign
Utgjeve 15. mars 1994 (Europa)
3. mai 1994 (USA)
1. juli 1994 (UK)
Innspelt midten av 1993
Sjanger Pop, dance, reggaefusion
Lengd 3:51 (albumversjon)
Selskap Mega
Låtskrivar(ar) Diane Warren, Albert Hammond
Produsent Tommy Ekman, Per Adebratt
Ace of Base-kronologi
«The Sign»
(1993)
Don't Turn Around «Living in Danger»
(1994)


«Don't Turn Around» er ein popsong skriven av Diane Warren og Albert Hammond. Han vart opphavleg spelt inn av Tina Turner som B-sida til singelen «Typical Male» i 1986. Warren har sagt at han var skuffa over at plateselskapet til Turner handsama songen som ei B-side og aldri gav han ut på nokre av albuma hennar. Han har sidan vorte gjeve ut på samleplater som The Collected Recordings – Sixties to Nineties frå 1994.

Han har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar. Kim Goody gav songen ut på singel i 1987. Trass i at han vart nytta i fleire episodar av laurdagsmorgonshowet hennar No. 73, gjekk ikkje songen inn på Topp 100 i Storbritannia. Bonnie Tyler gav ut ein versjon av songen i 1988 på albumet hennar Hide Your Heart, medan soulsongaren Luther Ingram tok songen til 55. plass på den amerikanske R&B-lista med tolkinga si. Aswad høydre versjonen til Ingram og spelte inn ein versjon baser tpå denne, som nådde toppen av singellista i Storbritannia i mars 1988. Denne versjonen nådde òg 45. plass på Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista i USA same året.

Loretta Chandler song denne songen i episoden «Mr. Wacky's World» i fjernsynsshowet Fame.

I 1992 spelte Neil Diamond inn ein versjon av «Don't Turn Around» som nådde Topp 20 på Adult Contemporary-lista i USA. I 1992 spelte den svenske popsongaren Tone Norum inn ein versjon, som finst på albumet hennar Don't Turn Around.

To år seinare, våren 1994, gav den svenske popgruppa Ace of Base ein versjon av songen i moll til 44. plass på Billboard Hot 100 og til ein femteplass i Storbritannia. Ace of Base filma òg ein musikkvideo, regissert av Matt Broadley.

I 1999 spelte dance-popgruppa El Simbolo in ein spanskspråkleg versjon av songen for albumet deira No Pares.

I 2010 spelte Albert Hammond, som var med å skrive låten, inn inn songen for albumet hans Legend.

Lister (Ace of Base-versjonen)[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australske ARIA Singles Chart 19
Austrerrike 8
Canada 1
Nederland 7
Frankrike 17
Tyskland 6
Irish Singles Chart 8
New Zealand 8
Sveits 14
Sverige 2
UK Airplay Chart 4
UK Singles Chart 5
U.S. Billboard Hot 100[1] 4
U.S. Billboard Top 40 Mainstream[1] 1
U.S. Billboard Rhythmic Top 40[1] 6
U.S. Billboard Adult Contemporary[1] 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Allmusic. Ace of Base | Billboard Singles.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]