Dorot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°30′23.03″N 34°38′43.44″E
Dorot
דּוֹרוֹת
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sha'ar HaNegev
Koordinatar 31°30′23.03″N 34°38′43.44″E
Folketal 454 (2008)
Grunnlagd 1941
 - Grunnlagd av tyske jødar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dorot

Dorot (hebraisk skrift דּוֹרוֹת, tyder Generasjonar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Sderot i Sha'ar HaNegev regionale kommune. In 2008, hadde han 454 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd under Hanukkah i 1941 av immigrantar frå Tyskland, som dyrka korn, frukttre og grønsaker. Jorderosjon var eit særleg stort problem for kibbutzen.[1] Han vart kalla opp etter tre medlemmar av Hoz-familien Dov, Rikva og Tirtza, som omkom i ei bilulukke året før. Grunnleggjarane fekk seinare med seg innfødde israelarar og immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Latvia. I 1947 hadde han 300 innbyggjarar.[1]

Sommaren 1946 vart Doroth og nabolandsbyen Ruhama okkupert av den britiske hæren. På leiting etter ulovlege våpen i landsbyen, gjorde dei britiske soldatane store materielle skadar.[1]

Barn frå Dorot vert evakuerte i improviserte, pansra køyretøy frå kibbutzen, før eit venta egyptisk åtak i 1948.

Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 og slaget om Negev vart Dorot avskoren og måtte få forsyningar frå lufta fram til han vart frigjort i oktober 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 32–33. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]