Draperte klede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Quelles nouvelles? ('Kva nytt?') av Paul Gauguin frå 1892 viser to kvinner med pareo drapert som skjørt og rundt overkroppen.

Draperte klede er klede som er lagt rundt kroppen eller ein kroppsdel utan å vera tilsydd eller førehandsforma på anna vis. Slike klede er gjerne laga av eit stykke tøy, skinn eller pels. Dei kan draperast, viklast eller bindast på plass. Kleda kan også festast med knute, belte, nål, sikringsnål, sjal eller knappar.

Tillaging og bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kanga kan brukast som skjørt, sjal, beresele for barn og anna.
Sjølvportrett (1771) av Jean-Baptiste-Siméon Chardin med halstørkle og turban.
Mann med flagg brukt som kappe og kilt, som stammar frå eit drapert plagg.

Draperte klede skil seg frå tilsydde klede ved at tøyet dei er laga av treng lite eller inga tilskjering og saum. Dei er tilpassa forma til den som ber dei, anten dette er éin person eller forskjellige personar. Ein kan også endra måten ein ber dei på, til dømes ved å nytta sarongar og liknande som skjørt, kjole, topp, hovudtørkle eller anna. Andre draperte klede har mindre høve til variasjon. På slips kan ein til dømes berre endra måten ein knyter dei på.

Ofte kan utofrminga til draperte klede også endrast etter situasjon, til dømes ved at ein gjer dei kortare når ein gjer fysisk arbeid eller meir tildekkande til formelle høve. Omslagsskjørt som sarong, pareo eller mundu kan til dømes foldast opp til knelengd når ein skal gå eller arbeida, men sleppast ned om ein vil ha ein høfleg samtale. På sariar kan ein bruka det øvre endestykket, som gjerne heng ned over ryggen, til å dekka hovudet når ein er i eit tempel eller snakker med folk med høgare status.

Tøystykket kledet er laga av kan også lett brukast til andre føremål om ein ønskjer dette. Kledet kan til dømes brukast til å bera noko i, eller til å filtrera vatn.[1] Ulempa med draperte klede er at dei ofte sit ganske laust, og lettare kan koma laus enn tilsydde klede. Dette kan føra til at ein må knyta eller drapera dei på nytt frå tid til anna.[2]

Tilhøve til sydde klede[endre | endre wikiteksten]

Draperte klede blir også kalla usydde klede, men nokre av dei er litt sydde eller blir brukt saman med tilsydde klede. Den indiske sarien var opphavleg eit enkelt drapert tøystykke, men blir i dag som oftast brukt smaan med ein formsydde bluse. Lungi er eit drapert skjørt som likevel er sydd saman i sida. Den skotske kilten har utvikla seg frå eit drapert plagg til å bli skreddarsydd i moderne tid. Også andre draperte klede finst i sydde former der det ser ut som om dei er draperte, men ikkje er det, til dømes ved at ein turban eller ei sløyfe i halsen blir sydd til på førehand slik at dei har ei viss form som ikkje kan endrast.

Statue av Poppea med romersk stola.

Døme på draperte klede[endre | endre wikiteksten]

Heildekkande klede:

Klede for underkroppen:

Peruansk jente med poncho.

Klede for overkroppen:

Klede for hovud, hals og andre kroppsdelar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamie Baldwin, «Material wealth», Our Man in Zambia, BBC
  2. «Dressed to impress - Djibout style», travellingchitalian.com (December 22, 2010)
  3. 3,0 3,1 «A History of Scottish Kilts», authenticireland.com; «Kilts: The Why Behind the Wearing», tenontours.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]