Dream (1944)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Dream», stundom kalla «Dream (When You're Feeling Blue)», er ein jazz- og popstandard med tekst og musikk skriven av Johnny Mercer i 1944. Han vart opphavleg skriven som ein kjenningsmelodi for radioprogrammet hans.[1] Songen er spelt av mange artistar, med dei mest populære versjonane spelt inn av The Pied Pipers, Frank Sinatra og Roy Orbison.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

For Capitol Records spelte The Pied Pipers, med songaren June Hutton, ein versjon av «Dream»[2]) som vart ein stor hit i 1945. Vokalgruppa The Skylines, i lag med orkesteret til Ray Anthony, henta fram att balladen i 1955 for Fred AstaireLeslie Caron-musikalfilmen Daddy Long Legs.

Andy Williams gav ut ein versjon i 1964 på albumet The Wonderful World of Andy Williams.

I 1970 song ein vokalkvartett med songaren Sue Allen (som song med The Pied Pipers i 1950-åra) songen med same arrangement som hitversjonen frå 1945. Den 22. oktober 2008 vart denne versjonen nytta i ein teaser for 2K Games-spelet BioShock 2: Sea of Dreams.

«Dream» vart òg spelt inn 14. april 1958 av Betty Johnson[3][4] i ein versjon som låg sju veker på singellista i USA: 19. plassen på Billboard-lista for mest spelte songar på radio, og 58. plassen på Billboard top 100-lista. Roy Orbison spelte inn ein versjon for det kritikarroste albumet In Dreams. I nyare tid har Orbison-verjsonen blitt nytta i filmen You've Got Mail frå 1998.

Ein svulstig versjon med orkestrering og arrangement av Nelson Riddle finst på albumet Ella Fitzgerald Sings the Johnny Mercer Songbook frå 1964.

Andre kjende versjonar er mellom anna ein bestseljande singel av Frank SinatraColumbia Records (med Axel Stordahl Orchestra og the Ken Lane Singers[5], som låg sju veker på singellista og nådde femteplassen i 1945. Andre versjonar vart spelt inn av Etta James i 1961, Ringo Starr i 1970 på Sentimental Journey,[6] og Michael Bublé i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854.  Tape 1, side B.
  2. «Capitol Records in the 101 to 499 series». 78discography.com. Henta 25. februar 2015. 
  3. «Atlantic Records discography: Betty Johnson». Jazzdisco.org. Henta 25. februar 2015. 
  4. «Atlantic Records discography». 78discography.com. Henta 25. februar 2015. 
  5. «Columbia Records in the 36500 to 36999 series». 78discography.com. 2. mars 2011. Henta 25. februar 2015. 
  6. Miles, Barry (1998). The Beatles a Diary: An Intimate Day by Day History. London: Omnibus Press. ISBN 9780711963153.