Edwin Moses

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edwin Moses
Edwin Moses 2008 (cropped).jpg
Fødd 31. august 1955
Dayton
Yrke friidrettsutøvar, bobkjører
Edwin Moses på Commons

Edwin Corley Moses (fødd 31. august 1955) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Dayton i delstaten Ohio som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann to OL-gull og to VM-gull i øvinga og dominerte langhekken i over ti år, frå 1977 til 1987 vann han 122 løp på rad. I åra frå 1976 til -83 forbetra han verdsrekorden fire gongar, sist til 47,02 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Edwin Moses hadde knappast prøvd seg på 400 meter hekk før 1976-sesongen. Han gjorde då store framgangar i øvinga, noko som toppa seg i OL-finalen i Montreal same året. Her var han heilt suveren og sletta den fire år gamle verdsrekorden til John Akii-Bua, sett i OL-finalen 1972. Moses kom i mål til 47,63, nitten hundredels sekund under den gamle rekorden. Den 11. juli 1977 flytta han verdsrekorden ytterlegare då han i Los Angeles sprang i mål på tida 47,45 sekundar.

Etter at Moses vart nummer to bak vesttyske Harald Schmid den 26. august 1977, vann han samtlege tevlingar han deltok i, fram til han i juni 1987 vart slått av landsmannen Danny Harris. I mellomtida hadde han stått for ei rad store prestasjonar.

Den 3. juli 1980 forbetra han verdsrekorden til 47,13 under eit stemne i Milano, tre veker før Sommar-OL i Moskva, idrettsstemna som han ikkje fekk delta i, ettersom USA boikotta leikane.

Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki i 1983, var Moses i ei heilt eigen klasse på 400 m hekk og vann med over eitt sekunds forsprang. Tre veker etter han vann VM-gullet, den 31. august 1983 i Koblenz i dåverande Vest-Tyskland, sette han verdsrekord for fjerde gong. Rekordtida på 47,02 sekundar er 33 år seinare framleis den nest beste på 400 m hekk nokon har oppnådd i øvinga. Året etter vart han olympisk meister på «heimebane» i Los Angeles, 0,38 sekund føre Danny Harris.

Finalen på 400 meter hekk under friidretts-VM 1987 i Roma har ein nær legendarisk status. Dei tre største utøvarane i øvinga gjennom fleire år, US-amerikanarane Moses og Harris, samt vesttyske Harald Schmid, storma jamsides mot mål og kasta seg over målstreken, utan at nokon kunne seie for visst kven vinnaren var. Målfoto synte at Moses forsvarte verdsmeistertittelen på tida 47,46 sekundar, to fattige hundredels sekund føre Harris og Schmid. Sterke løp av landsmannen Andre Phillips og Senegals Amadou Dia Ba gjorde at Moses året etter måtte nøye seg med olympisk bronse på langhekken ved sommarleikane 1988 i Seoul.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]