Harald Schmid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Schmid


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. september 1957 (66 år)
Hanau
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, fortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Rudolf-Harbig-Gedächtnispreis, Hall of Fame des deutschen Sports, Mannschaft des Jahres, Sportler des Jahres, Sportler des Jahres

Harald Schmid (fødd 29. september 1957) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Hanau som tevla for Vest-Tyskland. Han var i over ti år ein av verdas beste utøvarar på 400 meter hekk, og ein av dei beste i Europa nokon gong. Særleg vert Schmid hugsa for dei mange tevlingane mot Edwin Moses. Fremst i så måte er den segnomsuste finalen på langhekken under VM i Roma i 1987, der både Schmid, Moses og Danny Harris kjempa om sigeren heilt til målstreken. Frå europameisterskap har Schmid heile tre gullmedaljar på 400 m hekk og to gull- og ein sølvmedalje i 4 x 400 m stafett. Hans personlege rekord på 400 m hekk er på 47,48 sekundar, oppnådd både 1982 og 1987, medan han på 400 m fekk notert 44,92 sekundar i 1979.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Schmid deltok i OL 1976 i Montréal, der han sprang tredjeetappen på det tyske laget som vart bronsmedaljørar på 4 x 400 meter stafett. I den neste store meisterskapen, EM 1978 i Praha, vann han 400 meter hekk med ti meters forsprang til sølvvinnaren Dmitrij Stukalov, 48,51 sekundar mot 49,72. Seinare i same meisterskapen vart han også europameister då Vest-Tyskland vann den lange stafetten.

I mellomåret 1979 gjorde Schmid sitt livs snøggaste 400-meterløp på tida 44,92 sekundar. Han deltok ikkje i Moskva-OL 1980, ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane. Under europameisterskapen 1982 lukkast han å forsvare begge EM-titlane. På 400 meter hekk forbetra han då europarekorden til 47,48 sekundar, sølvmedaljør Aleksandr Jazevitsj kom inn på 48,60. Også i 4 x 400 m stafett vann Schmid og Vest-Tyskland.

Under VM 1983 i Helsini tok Schmid sølvmedaljar på både 400 m hekk og 4 x 400 m stafett. I hekkeløpet vart han klart slått av Edwin Moses, og i stafettevlinga tok USA ein klar siger. Ved Sommar-OL 1984 fekk han bronsen på 400 meter hekk. Då EM 1986 vart avvikla på tysk grunn i Stuttgart, tok Schmid sitt tredje rake EM-gull på 400 meter hekk. I motsetnad til dei to føregåande europameisterskapane var det ein knepen siger, vinnartida 48,65 mot Aleksandr Vasiljev sine 48,78 som andremann. I 4 x 400 m stafett måtte Vest-Tyskland og Schmid nøye seg med sølv, etter Storbritannia.

I verdsmeisterskapen i Roma 1987 stod Schmid og dei to USA-amerikanske utøvarane; Edwin Moses og Danny Harris, for eit av dei historiske oppgjera på ein friidrettsbane. Alle dei tre pressa seg til det yttarste på oppløpssida og ingen var viss på medaljefordelinga då dei passerte målstreken. Målfoto viste at veteranen Edwin Moses vann løpet på tida 47,46 sekundar. Begge dei andre fekk sluttida 47,48, tangering av Schmid sin fem års gamle europarekord, men med Harris på sølvplass og Schmid på bronseplassen. I sitt siste internasjonale meisterskap, OL 1988, enda Schmid på sjuandeplass i langhekk-finalen.

Schmid la opp etter 1989-sesongen. Franske Stéphane Diagana slo europarekorden på 400 m hekk i 1995.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1976 i Montreal: Bronsemedalje på 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 400 m hekk (nr 16)
  • EM 1978 i Praha: Gullmedaljar på 400 m hekk – 48,51, og 4 x 400 m stafett
  • EM 1982 i Aten: Gullmedaljar på 400 m hekk og 4 x 400 m stafett
  • VM 1983 i Helsinki: Sølvmedalje – 48,61, bakom Edwin Moses (47,50)
  • OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje 400 m hekk – 48,19, bakom Danny Harris (48,13)
  • EM 1986 i Stuttgart: Gull på 400 m hekk – 48,65, og sølv 4 x 400 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Bronsemedalje 400 m hekk – 47.48, bakom Edwin Moses (47,46) og Danny Harris (47,48)
  • OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 48,76

Kjelder[endre | endre wikiteksten]