Egypt under osmanarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Egyptisk historie
Pyramide og sfinksRosettasteinenBøn i KairoGamal Abd al-Nasser i militæret

Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr.
Egypt under persarane: 525 f.Kr.–332 f.Kr.
Egypt under ptolemearane: 332 f.Kr.–30 f.Kr.
Aegyptus, under romersk styre: 30 f.Kr.–639
Det arabiske Egypt: 639–1517
Egypt under osmanarane: 1517–1805
Reform og modernisering: 1805–1882
Egypt under europearar: 1882–1953
Sjølvstendige Egypt: sidan 1953

Egypt under osmanarane viser til tida då Egypt var ein eyalet under Det osmanske riket, frå 1517 til 1867. Osman-tyrkarane erobra Egypt i 1517, men landet blei aldri lett å kontrollere for osmanarane. Ein herskande klasse av mamelukkar styrte landet som ein halvsjølvstendig stat heilt til franskmennene invaderte i 1798. Etter at Napoleon sine styrkar blei kasta ut tok albanaren Muhammad Ali over kontrollen. Etterkommarane hans fjerna Egypt stadig meir frå osmansk kontroll, og i 1882 invaderte Storbritannia og gjorde Egypt til eit britisk protektorat, og landet var tapt for godt for osmanarane.

Tidleg osmansk periode[endre | endre wikiteksten]

Etter at den osmanske sultanen Selim I hadde erobra Egypt forlet han landet. Han let det vere igjen 5000 janitsjarar saman med visekongen. Frå byrjinga av såg osmanarane på Egypt som ein vassalstat, ikkje som ein provins. Heile den tidlege osmanske perioden kom til å vere ein kamp om makt mellom mamelukkane og representantane for sultanen.

Brorparten av Egypt var delt inn i len som blei styrte av mamelukkar, og dette gjorde osmanarane ingenting med då dei erobra landet. Mamelukkane fekk såleis behalde grunnlaget for makta si. Det var og vanleg at guvernørane i Egypt blei byta ut med veldig korte mellomrom, og egyptarane missa stadig meir av respekten for dei som sultanen i Istanbul peika ut til å styre. I 1604 blei det regelrett borgarkrig, og stadige mytteri og opprør svekka stadig den osmanske makta.

Desse ustabile politiske tilhøva gjekk utover folket fordi dei ulike fraksjonane kunne presse så mykje dei ville ut frå dei egyptiske bøndene. I tillegg kom mange episodar med hungersnaud og sjukdom. Ein pest i 1619 skal ha teke livet av 635 000 menneske.

Seinare osmansk periode[endre | endre wikiteksten]

Utpå 1700-talet hadde mamelukk-beyane teke over rolla som dei verkelege herskarane av Egypt. Ulike fraksjonar mellom mamelukkane slåst seg imellom gjennom heile første halvdelen av 1700-talet.

I 1750 fekk Ali Bey ein framståande posisjon i det egyptiske styret. Etter at han to gonger måtte dra i eksil, byrja han frå 1767 å få litt orden på det egyptiske kaoset. Han klarte å pasifisere ein del av beduinane som herja i Nedre Egypt, og det verkar som han ønska å byggje opp eit sjølvstendig monarki.

I 1769 sende sultanen beskjed om at Ali Bey skulle organisere og sende 12 000 mann til krigen mot Russland. Sultanen fekk mistanke om at Ali heller ville bruke desse soldatane til å sikre seg sjølvstende for Egypt, og sultanen gav ordre om å avrette Ali Bey. Avrettingsordren blei snappa opp av Ali sine agentar, og han fortalde dei andre egyptiske beyane at denne ordren gjaldt dei alle. Slik fekk han støtte for sin kamp mot den osmanske sentralmakta, og Ali erklærte Egypt sjølvstendig.

Sultanen var oppteken på andre frontar og kunne ikkje reagere på utviklinga i Egypt. I staden kunne Ali Bey sende troppar mot herjande bandar rundt i Egypt, gjennomføre finansielle reformer og forbetre justisvesenet. I tillegg sende han styrkar for å erobre områda rundt Raudehavet heilt ned til Jemen.

Ali sitt neste skritt var å sende ein styrke på om lag 30 000 mann for å erobre Syria. I spissen for denne hæren var Abu-'l-Dhahab. Han erobra dei største byane utan store problem, men på eit tidspunkt ser det ut som han gjekk i hemmelege forhandlingar med osmanarane om å føre Egypt tilbake under osmansk kontroll. Abu-'l-Dhahab snudde hæren og marsjerte mot Kairo i 1772. Ali Bey flykta til Syria, og døydde i 1773 etter eit mislykka forsøk på å gjenerobre Egypt frå Abu-'l-Dhahab.

Den franske okkupasjonen[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved pyramidane, Francois-Louis-Joseph Watteau, 1798-1799

Napoleon invaderte Egypt i 1798, og etter sigeren mot mamelukkstyrkar i det såkalla «Slaget ved pyramidane» fekk han raskt kontroll over Nedre Egypt. Napoleon erklærte seg som ein beundrar av profeten Muhammed, og at han heldt seg mykje meir til Profeten, Koranen og Allah sine bod enn det mamelukk-herskarane gjorde. Som prov på at dei var ekte muslimar viste franskmennene til korleis dei hadde kasta vrak på paven sin autoritet. Franskmennene forkynte bodskapen om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjonen. I framtida skulle alle embete i Egypt vere opne for alle klassar og folkegrupper, rang i militære og sivile system skulle bestemmast ut frå talent og evne, ikkje ut frå avstamming.

Men det franske styret skulle bli kortvarig etter at den franske flåten blei knust av britane i slaget ved Abuqir. Franskmennene klarte aldri å overbevise egyptarane om at dei var verkelege muslimar, og til dømes det at dei brukte al-Azhar-moskeen som forlegning for kavaleriet gjorde at egyptarane freista fleire opprør mot det franske styret. I juli 1799 klarte likevel den franske hæren under leiing av Napoleon å slå ein stor tyrkisk styrke, og den franske okkupasjonen vakla vidare ei stund til. Ein fransk soldat fann i 1799 Rosettasteinen, som seinare sørgde for at ein kunne tyde egyptiske hieroglyfar.

Napoleon forlet Egypt etter dette slaget, og då ein britisk styrke landa utanfor Alexandria i mars 1801 tok dei raskt over kontrollen over landet. Dei blei ikkje verande lenge, og når dei trekte seg tilbake, blei Egypt overlate til eit nytt kaos med borgarkrig mellom osmanarar, ulike mamelukk-grupperingar og ein kontingent med albanske soldatar som opererte på eigenhand. Dette kaoset varte heilt til Muhammad Ali, leiaren for albanarane, kom sigrande ut av tumultane i 1805.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]