Hopp til innhald

Eidsvoll prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°19′11″N 11°14′46″E / 60.319798°N 11.246181°E / 60.319798; 11.246181

Eidsvoll prestegard
Foto: Mahlum
Eidsvoll prestegard, 1866?

Eidsvoll prestegard ligg om lag 400 meter søraust for Eidsvoll kyrkje.

Både kyrkja og prestegarden har røter attende til mellomalderen, men bygningane er av langt nyare dato. Eidsvoll spelte ei viktig historisk rolle medan den førre prestegardsbygningen stod. Han vart oppført i 1720. Då Eidsvoll kirke ble gjenreist etter brannen i 1762, vart storstua på prestegarden nytta til gudstenester.[1] På 1800-tallet var størrelser som Nicolai Wergeland (1817–48) og Eilert Sundt (1869–75) sogneprester her, og i førstnevntes embedstid vokste både Henrik Wergeland og Camilla Wergeland opp på gården. Wergeland, Sundt og en rekke andre prester er for øvrig portrettert på bilder under orgelgalleriet i kirken.

Denne prestegardsbygningen brann ned til grunnen i 1877, og den noverande prestegarden vart bygd etter det. Anlegget vart i si tid foreslått freda, men forslaget vart trekt attende i 1984. Sidan har Riksantikvaren gått inn for at prestegardstunet og området rundt vert regulert til spesialområde for bevaring. Tunet er ikkje spesielt langt frå kyrkja, men dei to framstår ikkje som ei samla enining. Uttunet er skilt ut og vert nytta til opplærings- og aktivitetssenter for psykisk utviklingshemma, og drengestua vert nytta til ei utstilling om Wergelandfamilien og Eidsvoll. Eidsvoll stasjon og ei rekkje andre eigedomar har vorte skilt ut frå prestegarden, som i si tid var ein av dei største gardane i Eidsvoll. Garden har adresse Camilla Colletts veg, og i nabolaget er det laga ein kultursti som inngår i Pilegrimsleia.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eidsvoll prestegard