Hopp til innhald

Eigil Lehmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eigil Lehmann

StatsborgarskapNoreg
Fødd29. januar 1907
Bergen
Død

28. mars 2009 (102 år)
Bergen

Yrkelyrikar, luthersk prest
TemaVestnordiske mål
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
PrisarSokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond

Eigil Lehmann (29. januar 190728. mars 2009) var ein norsk prest, diktar og målmann.

Lehmann var frå Bergen. Han tok teologisk embetseksamen i 1929, og vart i 1930 tilsett som hjelpeprest i Modum. Frå 1937 var han prest i Skjold i Ryfylke. I 1958 fór han til Bergen og vart residerande kappellan i Birkeland prestegjeld i Fana. Han vart sokneprest i Nordås prestegjeld i Fana i 1971 og tok avskil i 1976.

Han arbeidde mykje med bibelsk leksikografi, og gav ut i alt to ordbøker for Det nye testamentet. Han gav ogso ut to ordbøker om dei nordiske øymåla, ei som galdt islandsk, og ei som galdt færøysk. Han skreiv attåt dette dikt gjennom heile livet, og gav ut i alt fire diksamlingar.

Lehmann var heidersmedlem i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag, og var med på skipinga av Ivar Aasen-sambandet i 1965. Han har vore i styret for Norsk bokreidingslag og Halldor O. Opedals fond, og var med i Norsk Måldyrkingslag. I 1964 fekk han Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond.

  • 1938 Rette det som rengt er : Eit ord til dei som hev Noregs mål kjært.
  • 1955 Ordbok for det Nye testamentet
  • 1967 Islandsk-norsk ordbok skriven saman med Þorsteinn Þ. Víglundsson
  • 1967 Vilja de lyda
  • 1969 Norsk-islendsk samtalebok : Ein parlør
  • 1977 I eit anna ljos
  • 1981 Lilja i Dal
  • 1983 Atturljóm : kvedskap
  • 1986 Færøysk-norsk ordbok
  • 1990 Ettirrakstur : dikt
  • 2007 Dikt i utval

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]