Ein al-Beida
Ein al-Beida | |||
عين البيضا, Ayn al-Bayda, 'Ayn al-Baydah | |||
kommune | |||
Namneopphav: Den kvite kjelda | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | |||
Areal | 15,0 km² | ||
Folketal | 1 050 (2006) | ||
Folketettleik | 70 / km² | ||
Grunnlagd | 1952 | ||
- Bystatus | 1996 | ||
![]() Ein al-Beida | |||
Wikimedia Commons: Ein al-Beida | |||
Ein al-Beida (arabisk عين البيضا) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda. Han har eit folketal på kring 1 050.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ein al-Beida vart grunnlagd i 1952 av arabiske bønder frå familiane Fuquha og Daraghmah frå Tubas, som eigde gardar i området og som ønskte å opprette ein landsby. Landsbyen er kalla opp etter ein brunn i området, Ein al-Beida, som fortida er tørr etter at Israel har utnytta vatnet i Jordandalen.[1]
Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]
Ein al-Beida ligg på ei slette aust i Jordandalen omgjeve av åsar og fjell. Han ligg 15 kilometer nordaust for Tubas, og grensa til Jordanelva i aust, Bardala i vest, Den grøne linja i nord og den israelske busetjinga Mehola i sør. Byen ligg 166 meter under havnivå.[1]
Ein al-Beida har varmt vêr, med varme, tørre somrar og kalde, tørre vintrar. Årsmiddelnedbøren i landsbyen er 275 millimeter. Årsmiddeltemperaturen er 21-22 grader Celsius og luftfukta er i snitt 55 %.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ein al-Beida» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Ein al-Beida Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Ein el Beida (Fact Sheet), The Applied Research Institute - Jerusalem. February, 2006