Hopp til innhald

Ein midtsommarnattsdraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein midtsommarnattsdraum
A Midsummer Night's Dream

Forfattar(ar)William Shakespeare
Språkengelsk
Tilverting1595
Sjangerkomedie
Utgitt1600
Study for The Quarrel of Oberon and Titania av Joseph Noel Paton.

Ein midtsommarnattsdraum (originaltittel A Midsummer Night’s Dream) er ein romantisk komedie av William Shakespeare, skriven ein gong rundt midten av 1590-åra og framført for fyrste gong i 1595. Stykket skildrar opplevingane til to unge kjærleikspar, ei gruppe amatørskodespelarar i ein forheksa skog og ei gruppe alvar. Som mange andre stykke av Shakespeare handlar stykket om kjærleik, sjalusi og sorg.

Statue av Titania og mannen med eselhovud.

Hermia er forelska i Lysander, men far hennar nektar henne dette ynsket sidan han ynskjer at ho skal gifte seg med Demetrius. Saka vert teken opp med hertugen Tesevs, som er midt i bryllaupsførebuingane sine, som seier klart i frå om at dottera skal lyde far sin uansett. Hermia og Lysander bestemmer seg for å flykte, og dette får Demetrius vite og fylgjer etter dei til skogen utanfor Athen og etter han fylgjer Helena som er forelska i Demetrius. Samtidig er det ei amatørteatergruppe som øver seg til stykket som skal spelast i Tesevs sitt bryllaup i skogen. Dette er ramma rundt dei mytologiske og humoristiske hendingane i og utanfor skogen.

To ulike sider ved kjærleiken

[endre | endre wikiteksten]

I likskap med Romeo og Julie, tek Ein midtsommarnattsdraum opp noko ved kjærleiken. I dette skodespelet vert dei to ulike sidene av kjærleiken tekne opp. Dette vert gjenspegla gjennom kjærleikspara Tesevs og Hippolyta og Oberon og Titania. Gjennom Tesevs og Hippolyta ser ein fødinga av kjærleik som har vakse fram trass i lite romantisk byrjing (Tesevs vann Hippolyta etter at han sigra over amasonene). Gjennom Oberon og Titania ser ein at kjærleiksproblema kjem etter mange års forelsking der komplikasjonar dukkar opp og seinare vert løyste og forsona.

Skodespelet vert ofte tolka på same måte som skodespelet Romeo og Julie, som vart skrive rundt same tid som Ein midtsommarnattsdraum. Skodespela er på mange måtar veldig like kvarandre: begge handlar om to personar som er forelska i kvarandre, men som aldri kan verte eit par sidan fedrane deira nektar dette av ulike årsaker og vil at dottera deira skal gifte seg med ein annan som dei har utpeika. I motsetnad til Romeo og Julie, endar dette skodespelet godt, takka vere mytisk hjelp. I tillegg vert Ein midtsommarnattsdraum tolka som ei skildring av haldningar og tru frå gamal tid. Mange tema som ein har vore oppteken av i alle tider, som t.d. sjalusi og sorg, vert og tekne opp her.

Scena der skodespelet vert spela, tolkar ein som Shakespeare sin kommentar til komedien.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
Tittelbladet til den fyrste trykte utgåva av skodespelet frå 1600.

Skodespelet blei skrive midt på 1590-talet, og den første, registrerte trykte utgåva er frå 1600 (A Midsommer Nights Dreame). Stykket er også med i den første samla utgåva av Shakespeare sine skodespel i 1623 (Mr. William Shakesspeares Comedies, Histories, & Tragedies).

Den første norske omsetjinga kom i 1912 under tittelen Jonsokdraumen, omsett av Erik Eggen. I 1932-1933 kom så Ein midsumarnattdraum som ein del av Samlaget si fembandsutgåve av Shakespeare sine skodespel, omsetjinga var av Henrik Rytter. I 1934 kom Rytter si omsetjing som ei eiga bok, og denne er også sidan blitt utgjeven fleire gonger. Halldis Moren Vesaas omsette stykket til nynorsk for Det Norske Teatret i 1979; Ein midtsommarnattsdraum. Denne omsetjinga blei utgjeven på Samlaget året etter.

Den fyrste bokmålsomsetjinga blei utgjeven av Somes forlag i 1930, i omsetjing av Rolf Hiorth-Schøyen. Utgåva hadde tittelen En sommernatsdrøm. I 1958 kom André Bjerke si omsetjing av skodespelet på Aschehoug forlag, med tittelen En sommernattsdrøm. Denne omsetjinga er sidan utgjeven ei rekkje gonger, då med tittelen En midtsommernattsdrøm.

Hans-Magnus Ystgaard omsette stykket til sparbu-mål for Trøndelag teater i 2001, med tittelen En medtsåmmåsnattsdrøm.

Shakespeare sine kjelder til A Midsummer Night’s Dream

[endre | endre wikiteksten]
  • Tesevs, hertug av Athen
  • Egevs, far til Hermia
  • Lysander, ein av friarane til Hermia
  • Demetrius, ein av friarane til Hermia
  • Filostrat, morosjef hjå Tesevs
  • Petter Pære, tømmermann
  • Hans Hendig, snikkar
  • Nick Bånn, vevar
  • Frans Fløyte, belgbøtar
  • Tom Snute, kjeleflikkar
  • Robin Skrant, skreddar
  • Hippolyta, amasonedronning, trulova med Tesevs
  • Hermia, dotter av Egevs, forelska i Lysander
  • Helena, forelska i Demetrius
  • Oberon, alvekongen
  • Titania, alvedronninga
  • Puck, alv/nisse
  • Erteblom, alv
  • Kingelvev, alv
  • Møll, alv
  • Sennepsfrø, alv
  • Andre alvar i teneste hjå Oberon eller Titania.
  • Tenarar og hoff-folk

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ein midtsommarnattsdraum