Einar Sagstuen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Einar Sagstuen | |
![]() | |
Fødd | 22. mars 1951 (71 år) Gjøvik |
Yrke | langrennsløpar |
Einar Sagstuen (fødd 22. mars 1951), frå Gjøvik, er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han vann ein olympisk sølvmedalje i langrenn under vinter-OL 1976 i Innsbruck. Sagstuen gjekk då andre etappen på det norskestafettlaget som kom på andre plass på 4 x 10 km stafett, bak Finland. Dei hine på laget var Pål Tyldum, Ivar Formo og Odd Martinsen.
Sagstuen fekk med seg to NM-medaljar, eit sølv og ein bronse. Beste individuelle tevlinga på internasjonalt nivå stod han for på femmila i Holmenkollen i 1974.
Besteplasseringar i internasjonale renn og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]
- 1972: Nr 11 på 30 km i Lycksele i Svenska skidspelen
- 1973: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen
- 1974: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen
- 1975: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen
- 1976: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen
- 1977: Nr 11 på 50 km i Lahti
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
- 1974: Nr 5 på 15 km, Selbu
- 1975: Sølvmedalje på 30 km, Heddal
- 1976: Bronsemedalje på 50 km, Oppdal
- 1977: Nr 6 på 15 km, Vang
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar