Pål Tyldum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pål Tyldum


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1942 (81 år)
Høylandet kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Ski-VM 1970

Utmerkingar

Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten

Pål Bjarne Tyldum (fødd 28. mars 1942) er ein norsk tidlegare langrennar frå Høylandet i Nord-Trøndelag.

Fremste prestasjonane[endre | endre wikiteksten]

Tyldum var lite påakta som langrennar før enn han i 1968 gjekk ei rekke gode renn. Han vart olympiameister på femmila i Sapporo under 1972, og var med på stafettlaget som tok gull i Grenoble under 1968. I tillegg vann han tre OL-sølv (eit av dei i stafett) og vart noregsmeister sju gonger. Han var særleg dyktig på dei lengre distansane, kjend for si evne til å disponere kreftene. Tyldum var norsk flaggberar i vinter-OL 1976 i Innsbruck. Han representerte i alle år Idrettslaget Hållingen frå Høylandet. For innsatsen sin under vinter-OL i 1972 vann han Fearnleys olympiske ærespris dette året.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1968: Vinnar av 15 km i Lahti. Andreplass både på 15 km og 50 km i Holmenkollrenna. Fjerdeplass på femmila under OL i Grenoble og sjuandeplass på 15 km. Han gjekk andre-etappen på stafettlaget som vann ein overlegen siger.
  • 1969: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nummer to på 15 km. Tredjeplass på tremila i Svenska skidspelen i Falun.
  • 1970: Andreplass på femmila i Holmenkollen, og tredjeplass på femmila i Lahti. Nr fire på tremila, nr 5 på 15 km og nr 11 på femmila under VM i Štrbské pleso.
  • 1971: Vinnar av femmila og andreplass på 15 km i Lahti.
  • 1972: Gullmedalje på femmila under OL i Sapporo, sølvmedalje på tremila. Vinnar av 50-kilometeren i Holmenkollen. Han gjekk andre etappe for stafettlaget som fekk sølv etter å kjempa hardt med Sovjet.
  • 1973: Andreplass på 15 km og tredjeplass på 50 km i Holmenkollen.
  • 1974: Andreplass på femmila i Lahti. Nr 21 på tremila under verdsmeisterskapen i Falun.
  • 1976: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Tyldum vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar