Odd Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odd Martinsen
Odd Martinsen 1963.jpg
Fødd 20. desember 1942
Drammen
Odd Martinsen på Commons

Odd Martinsen, (fødd 20. desember 1942) er ein tidlegare norsk langrennar og idrettsleiar frå Nittedal. Han var medlem av IL i Bondeungdomslaget i Oslo, og har fire individuelle NM-gull (15 km i 1966 og 1970 og 30 km i 1969 og 1971) og sju stafettgull. Det vart VM-gull i 1966 og OL-gull i 1968, begge i stafett. Individuelt vann han fire medaljar i dei internasjonale meisterskapa frå 1966 til –70 (to sølv og to bronse). Han er far til langrennaren Bente Skari.

Langrennaren[endre | endre wikiteksten]

Martinsen slo gjennom i 1966, då han vart norgesmeister på 15 km og vann først bronse og deretter var med på laget som vann stafetten (4×10 km) under VM i Oslo. Under OL 1968 i Grenoble vann han sølvmedaljen på 30 km, og var med på laget som tok gull på 4×10 km stafett. Under VM i 1970 vart det to medaljar, sølv og bronse på høvesvis 15 km og 30 km. Martinsen la opp i 1978, etter femten sesongar på toppnivå.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Bronsemedalje på 15 km og gull på 4×10 km stafett under VM i Oslo.
  • 1967: Nr 3 på femmila i Holmenkollen.
  • 1968: Sølvmedalje på 30 km, nr 8 på 15 km og gull på 4×10 km stafett under OL i Grenoble. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1969: Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1970: Sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km under VM i Štrbské pleso.
  • 1971: Nr 2 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1972: Nr 9 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1973: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1974: Bronse på 4×10 km stafett VM Falun. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1975: Nr 5 på 15 km i Falun.
  • 1976: Nr 8 på 15 km og sølv på 4×10 km stafett under OL i Innsbruck. Nr 5 på 30 km, Falun.
  • 1977: Nr 5 på 30 km Falun og same plassering på 50 km i Holmenkollen.
  • 1978: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 5 på tremila på Voss.
  • 1965: Nr 8 på 15 km, Fåberg.
  • 1966: Gullmedalje på 15 km, Hernes
  • 1967: Nr 9 på tremila, Skorovatn.
  • 1968: Bronsemedalje både på 30 km, Bærum og 50 km Hønefoss.
  • 1969: Gullmedalje på 30 km, Gjøvik.
  • 1970: Gullmedalje på 15 km og bronse på 30 km, Trondheim.
  • 1971: Gullmedalje på tremila, Fåberg.
  • 1972: Bronsemedalje på 15 km, Tydal.
  • 1973: Nr 11 på tremila, Fåberg.
  • 1974: Sølvmedalje på 50 km, Sørreisa.
  • 1975: Bronsemedalje på 15 km, Heddal.
  • 1976: Bronsemedalje på 30 km, Surnadal.
  • 1977: Bronsemedalje på 50 km, Vang.
  • 1978: Sølvmedalje på 15 km, Konnerud.

Han vart norgesmeister i stafett sju gonger, i 1970, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976 og 1978.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Martinsen var ein langrennar med høg toppfart. Både i 1966 og i 1968 sprengde han feltet på startetappen i VM og OL-stafettane, og fekk klengenamnet «Stafett-Martin». Han var klart best på 15 km og 30 km, på 50 km hamna han oftast eit stykke bak dei typiske milslukarane.

Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1969.

Martinsen var formann i langrennskomiteen i FIS i perioden 1986-2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar