Einkorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einkorn


Triticum monococcum0.jpg

Systematikk
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Triticum
Art: T. monococcum
Vitskapleg namn
Triticum monococcum
Villeinkorn, Karadag, sentral-Turkey

Einkorn (frå tysk Einkorn, direkte omsett 'einskildkorn') kan vise til ville artar av kveite; Triticum boeoticum (stavinga baeoticum er òg vanleg), eller til den foredla forma, Triticum monococcum. Dei ville og foredla formene er anten sett på som eigne artar eller, som her, er underartar av T. monococcum. Einkorn er ein diploid art av skalkveite med ein ekstra sterk hams som er godt festa til kornkjernen. Dei foredla formene er lik dei ville, men unnatak at av akset forblir intakt når det er mogent og at frøa er større.

Einkorn var ei av dei første formene for foredla kveite saman med emmer (T. dicoccum). Korn frå vill einkorn er funne på epipaleolitiske lokalitetar i den fruktbare halvmånen. Den var først domestifisert om lag 9000 år sidan ( ≈ 7000 f.Kr.), i A eller B-perioden av før-keramisk neolitikum.[1] DNA finger-print analyse tyder på einkorn var domestifisert nær Karacadag i søraust Tyrkia, i eit område der fleire før-keramiske jordbrukslandsbyar frå periode B er funne.[2] Dyrkinga av einkorn minka i bronsealderen og er i dag ein art som nesten ikkje blir dyrka. Det er ein lokal produksjon ofte nytta til bulgur eller til dyrefôr i fjellområda i Frankrike, Marokko, det tidlegare Jugoslavia, Tyrkia og andre land. Det blir dyrka i dårleg jord der andre kveiteartar ikkje klarar seg.[3]

Glutentoksisitet[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til moderne former av kveite, er det teikn som tyder på at gliadinprotein i einkorn ikkje er så giftig for dei som lid av cøliaki.[4] Einkorn blir hittil likevel ikkje tilrådd i gluten-fritt kosthald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hopf, Maria; Zohary, Daniel (2000). Domestication of plants in the old world: the origin and spread of cultivated plants in West Asia, Europe, and the Nile Valley (3rd ed.). Oxford [Oxfordshire]: Oxford University Press. s. 38. ISBN 0-19-850356-3. 
  2. Heun, Manfred; et al. (1997). «Site of Einkorn Wheat Domestication Identified by DNA Fingerprinting». Science 278 (5341): 1312–4. doi:10.1126/science.278.5341.1312. 
  3. Zohary and Hopf, Domestication, pp. 33f
  4. Pizzuti D, Buda A, D'Odorico A, D'Incà R, Chiarelli S, Curioni A, Martines D (November 2006). «Lack of intestinal mucosal toxicity of Triticum monococcum in celiac disease patients». Scand. J. Gastroenterol. 41 (11): 1305–11. doi:10.1080/00365520600699983. PMID 17060124. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Einkorn