Emmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emmer
Emmer
Emmer
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Kveite Triticum
Art: Emmer T. dicoccum
Vitskapleg namn
Triticum dicoccum

Emmer (Triticum dicoccum), òg kjent som farro spesielt i Italia, er ein kveitesort med lita avling, agna kveite. Emmer var ein av dei første artane som vart domestifisert i det nære Austen. Den var mykje dyrka i Antikken, men er no berre dyrka i liten grad i fjellområda i Europa og Asia.

Villemmer[endre | endre wikiteksten]

Villemmer (Triticum dicoccoides) veks vilt i den fruktbare halvmånen i det nære Austen. Den er ein tetraploid kveitesort danna ved hybridisering av to ville diploide grasartar. Det eine er Triticum urartu som er i slekt med villeinkorn (T. boeoticum)), og den andre er ein hittil uindentifisert Aegilops-art som er i slekt med A. searsii eller A. speltoides.

Dyrka emmer.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Som einkorn og spelt, er emmer ein skallkveite. Med andre ord, den har eit sterk skall (hams) som omgir kornkjernen og eit halvsprøtt rachis. Ved tresking vil akset bli brote ned i enkeltkorn. Dette krev knusing eller slåing for å frigjere kornkjernen frå hamsen.

Villemmer sår seg sjølv ved at agnen mekanisk skrur kornet ned i jorda. Om natta når fuktigheita aukar, vil agnen bli stiv og trekke seg saman og i den prosessen vil det presse kornet ned i jorda. Om dagen avtar fuktigheita og agnen blir slakkare. Men fine silikahår på agnane verker som krokar i jorda og hindrar kornet frå gå attande. Ved hjelp av den skiftande luftfuktigheita mellom dag og natt, vil agnen sine pumperørsler, som liknar på eit svømmande froskespark, vil kornet med agnen borre seg ned eit par centimeter ned i jorda.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Thorkild Jacobsen, Robert M. Adams (1958), Salt and Silt in Ancient Mesopotamian Agriculture, Science 128: 3334  Text "1251-1259" ignored (hjelp)

  • [2] Oldest domesticated wheat found at Abu Hureyra.
  • Jacomet, S. 2006. Plant economy of the northern alpine lake dwellings - 3500-2400 cal. BC. Environmental Archaeology 11(1): 65-85

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Elbaum, Rivka; Zaltzman, Liron; Burgert, Ingo; Fratzl, Peter (2007). «The Role of Wheat Awns in the Seed Dispersal Unit». Science 316 (5826): 884–886. PMID 17495170. doi:10.1126/science.1140097.